Hopp til innhald

Valdis Zatlers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdis Zatlers

StatsborgarskapLatvia
Fødd22. mars 1955 (71 år)
Riga
Yrkepolitikar, lege, kirurg, hjelpemannskap i Tsjernobyl
Språklatvisk
VervPresident i Latvia
Periode2007-2011
FøregangarVaira Vīķe-Freiberga
EtterfylgjarAndris Bērziņš
Politisk partiingen verdi, Reformpartiet
EktefelleLilita Zatlere
Valdis Zatlers på Commons

Valdis Zatlers (fødd 22. mars 1955) var president i Latvia frå 2007 til 2011. Han er partilaus. Zatlers vart vald til den hovudsakleg seremonielle stillinga som president av den latviske nasjonalforsamlinga for ein fireårsperiode frå 8. juli 2007.

Valdis Zatlers fullførte medisinsk utdanning ved det medisinske instituttet i Riga i 1979, og jobba etterpå som lege. Frå 1988 til 1989 var han styremedlem i Latvias folkefront (Latvijas Tautas Fronte), som gjekk inn for latvisk sjølvstende frå Sovjetunionen. I dag er Zatlers ikkje med i noko politisk parti, men han var med å skriva under på stiftingsdokumentet til det konservative Folkepartiet (Tautas Partija) då det vart stifta i 1998.

Zatlers vart nominert som presidentkandidat av den regjerande sentrum-høgre-koalisjonen. Han vart vald av den latviske nasjonalforsamlinga, Saeima, med 58 av 98 røyster, 31. mai 2007, og tok over som president 8. juli same året.