Valdiviajordskjelvet i 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valdiviajordskjelvet i 1960
jordskjelv
Land  Chile
Stad Lumaco
 - koordinatar 38°14′06″S 73°02′49″W / 38.235°S 73.047°W / -38.235; -73.047
Dato 22. mai 1960[1]
Styrke 9.5 Mw[2]
Tsunami Råka Sør-Chile, Hawaii, Japan, Filippinane, austlege New Zealand, søraustlege Australia og Aleutane
Drepne 2 230 – 6 000[3]
Kart
Valdiviajordskjelvet i 1960
38°08′35″S 73°24′25″W / 38.143°S 73.407°W / -38.143; -73.407
Wikimedia Commons: Great Chilean Earthquake

Valdiviajordskjelvet eller det store chilenske jordskjelvet skjedde søndag 22. mai 1960 og er det kraftigaste jordskjelvet som nokon gong er registrert med ein styrke på 9,5 på momentmagnitudeskalaen. Det skjedde i Chile på ettermiddagen kl. 15:11 lokal tid og førte til ein tsunami som råka Sør-Chile, Hawaii, Japan, Filippinane, austlege New Zealand, søraustlege Australia og Aleutane.

Episenteret låg nær Lumaco, kring 570 km sør for Santiago, og Valdivia vart den byen som vart hardast råka. Skjelvet skapte lokale tsunamiar som trefte den chilenske kysten med bølgehøgder opp mot 25 meter. Hovudtsunamien raste over Stillehavet og råka Hilo på Hawaii hardt. Bølgjer så høge som 10,7 meter vart registrert 10 000 km frå episenteret, så langt borte som i Japan og på Filippinane.

Dødstala og skadeomfanget frå ein så vidtomfattande katastrofe er uvisse.[4] Forskjellige estimat for dei totale dødstala etter skjelvet og tsunamiane er publiserte og ein studie frå United States Geological Survey har dødstal på 2231, 3000 eller 5700 omkomne[5] og andre kjelder nyttar estimat på 6000 døde.[3] Forskjellige estimat har estimert kostnaden til å variere frå USD 400 millionar til 800 millionar[5] (eller 2,9 til 5,8 mrd. 2011 dollar, justert for inflasjon).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ShakeMap Atlas». Earthquake.usgs.gov. 14. oktober 2009. Henta 11. juni 2012. 
  2. U.S. Geological Survey (21 March 2006).
  3. 3,0 3,1 «Emergency & Disasters Data Base». Centre for Research on the Epidemiology of Disasters (CRED). Arkivert frå originalen 11. januar 2014. Henta 19. januar 2014. 
  4. Video: Cataclysm. Volcano, Tidal Waves, Devastate Pacific Area, 1960/05/27 (1960). Universal Newsreel. 
  5. 5,0 5,1 «The Largest Earthquake in the World – Articles». U.S. Geological Survey. Arkivert frå originalen 7. januar 2007. Henta 19. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]