Valdres Folkemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°58′52″N 9°13′50″E / 60.98111°N 9.23056°E / 60.98111; 9.23056

Valdres Folkemuseum
Foto: John Erling Blad, 2010

Valdres Folkemuseum er eit museum, stifta i 1901, som ligg på Storøya utanfor Fagernes i Nord-Aurdal kommune i Innlandet. Museet ligg på ein liten bergrygg som stikk ut i Strandefjorden. Nær inngangen ligg det større gardsbygningar frå dei forskjellige Valdreskommunane. Lengre inn på området har museet bygd opp eit fullstendig gardstun, ein husmannsplass og eit stølsområde.

Hovistabburet
Handeloftet
Rognebygningen

Museet har 95 hus og anlegg, rundt 20 000 gjenstandar, og er det fjerde største friluftsmuseet i Noreg.

Alle gjenstandar i museet er originalgjenstander og har vorte samla frå garder og stader i området.

Saman med Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger vart museet i 2006 ein del av Valdresmusea. Fra 2008 driftar Valdresmusea også Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Instituttet har administrasjon og dokumentajonssenter i kjellaren på Valdres Folkemuseum, og bunadutstillinga finst i museet sine utstillingslokale.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den dåverande skolestyraren ved Oppland jordbruksskole på Storhove, Nils K. Ødegård, var den som først lanserte tanken om eit eige museum i Valdres. Etter at han kom med forslaget i avisa «Samhold» 17. desember 1900, vart det kalla inn til møte på Fagernes 10. mars 1901. Der vart det vedteke å arbeide for å få til eit museum, og det vart valt ein frå kvart av dei seks herreda til å forestå saken.

For å få inn kapital til stiftinga av museet vart det sendt ut lister der interessentar kunne melde seg på, men då styret kom saman 6. april var det komme inn lite midlar. Det vart vedteke å gjennomføre ein ny runde med trykte innsamlingslister, men styret såg svart på moglegheitene til å få til eit museum.

Ola E. Bøe starta på eiga hand å kjøpe inn gjenstandar til museet, og saman med Knut O. Alfstad som var formann i styret hadde dei snart kjøpt inn fleire hundre gjenstandar. Ei større samling vart kjøpt av kjøpmann og antikvitetshandlar Jon Hoel som heldt til på Vangsnes i Vang. Ei anna større samling kom frå Louise Bang som heldt til på Bagn i Sør-Aurdal. Etter nokon år kjøpte dei deretter Handeloftet 1906. I 1909 var samlinga komme opp i 600 enkeltgjenstandar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Valdres folkemuseum, Valdres trykkeri, Fagernes, 1962

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Valdres Folkemuseum