Valdres Radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Valdres Radio vart etablert på Dale skule i Øystre Slidre kommune i 1985. Dekningsområdet var Øystre Slidre, Vestre Slidre kommune og Vang kommune. Radio Nord-Aurdal AL vart etablert i 1984 med lokale i brannstasjonen på Fagernes, med Etnedal kommune, Sør-Aurdal kommune og Nord-Aurdal kommune som dekningsområde. I 1994 vart desse to radioane slått saman til Valdres Radio AL, og ei tid var det sendingar vekselvis frå Dale skule og Fagernes. I 1995 vart utstyret flytta frå Dale skule til underetasjen på Skysstasjonen på Fagernes, men etter eitt års tid vart drifta flytta til Skrautvålsvegen 85 i Hunkevika like ved Fagernes sentrum. Radioen held ei stund til i lokala til Norsk Lotteridrift, men flytta i 2004 tilbake til Skrautvålsvegen 85.

I 2002 vart det valt eit nytt styre som saman med ein dyktig revisor la om drifta. Arbeidet med redaksjon og administrasjon har sidan vore gjort på frivillig basis. Rundt 20 medarbeidarar står på for å halde det heile i gang. Trufaste lyttarar støttar radioen med gåver. Tre av kommunane har direkte overføring av alle møta i kommunestyra, og dei sender også informasjon i sommarradioen. Nokre bedrifter kjøper reklame. Bingoen kvar måndag er også viktig for økonomien. Ved 20-årsjubileet i 2005 var bankgjelda betalt og radiostasjonane har opparbeid seg litt kapital.

Valdres Radio nyttar moderne datastyring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]