Valdres Skiferbrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valdres Skiferbrudd)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulptur på Skiferplassen, til minne om folk og dyr ved Valdres Skiferbrot.
Foto: John Erling Blad

Valdres Skiferbrot er eit steinbrot i Rogne i Øystre Slidre kommune der det har vorte hogge ut skiferstein.

Dei fleste skifergruvene tilhøyrde selskapet A/S Valdres Skiferbrud som vart grunnlagt i 1899, men uttak av skifer tok til alt på 1800-talet.

Fram til 1906 da Valdresbanen vart lagt til Fagernes, vart skiferen frakta frå gruvene i Rogne med hest og kjerre. Om vinteren med hest og slede. Fram til 1906 vart skiferen køyrt til Hallingdal eller utover Ådalen. Med hest og kjerre tok denne turen minst 2-3 dagar ein veg.

Frå 1880 til 1900 var interessa for skiferen frå Valdres stadig aukande. Mykje skifer gjekk med Valdresbanen til Oslo og til resten av Sør-Noreg. På Ullevål sykehus vart det brukte Valdres-skifer på to bygningar. Mykje skifer vart og eksportert. Beste eksportmarknaden var England. Der vart skiferen kalla Viking-Slates. Det vart og levert skifer til Nederland, Belgia, Tyskland, Danmark, Finland og Sverige. Auka etterspurnad etter skiferstein førte til høgare produksjon. I åra før første verdskrigen var minst 120 mann i arbeid i gruvene. Med steinkøyrarar, lagerarbeidarar på Fagernes, og ymse andre arbeid, kom talet opp i minst 150 mann på det meste.

Arbeidet med skiferen var i stor grad mannsdominert. Kvinner fann ein berre i matbrakkene. Det kom folk frå utlandet for å arbeide i skifergruvene i Valdres. De fleste arbeidarane kom frå gruve-distrikta i Wales. Ein kjenner til at til saman ni mann miste livet ved ulykker under arbeidet. Over lengre tid kunne og gruve-arbeidarane utvikle lungesjukdomen silikose.

Ei rekke selskap og bedrifter har vore involvert i arbeidet med skiferstein frå gruvene i Valdres. Nokre av desse er:

  1. A/S Valdres Skiferbrud
  2. Det Skandinaviske Skiferkompani
  3. Fjeldhammer Brug A/S
  4. Hovi Industrier A/S

I tillegg fann ein og skifer-gruver som vart eigd av private. Den siste private gruva var i drift frem til 1978.