Valdres vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valdres vidaregåande skule
SkuletypeOffentleg vidaregåande skule
FylkeInnlandet
KommuneNord-Aurdal
TettstadLeira
AdresseYrkesskulevegen 20
2920 Leira i Valdres
RektorKari Elisabeth Rustad
Klasser27
Elevar550
Tilsette135
EigarOppland fylkeskommune
Nettstadwww.valdres.vgs.no/

Valdres vidaregåande skule
60°58′15″ N 9°18′15″ E

Valdres vidaregåande skule er ein offentleg vidaregåande skule som ligg på Leira i Nord-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Skulen dekkjer vidaregåande utdanning i Valdres, har om lag 550 elevar og tilbyr eit relativt breitt utval studieretningar. Sidan avstandane i Valdres er store, bur mange av elevane på internat nært skulen.

Valdres vidaregåande skule hadde fram til 2001 to avdelingar, ei på Leira og ei i Fagernes. Etter at kommunen investerte i ein ny skulebygning på Leira, vart alle avdelingane samla på Leira.

Skulen driv òg Ung i Valdres som tilrettelegg for kultur- og fritidsaktivitetar.

Studietilbod[endre | endre wikiteksten]

  • Studiespesialisering
  • Design og handverk
  • Idrettsfag
  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Restaurant- og matfag
  • Elektrofag
  • Helse og oppvekst
  • Teknikk og industriell produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°58′15″N 9°18′16.5″E