Valdresspringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valdressoringar)

Valdresspringaren er ein type springar som har heime i Valdres, og halden ved like der. Tidvis har dansen vore rekna som ein av dei gjævaste springartypane, og har vore svært populær i seinare år.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Dansen vert utført på tosvikt, med tyngdepunktet på første slaget i takta. Danseparet slepper kvarandre heller lite gjennom dansen, som har fast danseretning. Kvar runde vert toppa med ei rundsnu, men før dette er det ei rekkje turar, som vert hekta i hop etter ønskje. Guten fører jenta skiftevis med båe hender.

Turar i dansen[endre | endre wikiteksten]

  • Skjeftestaket vert utført ved at guten går baklengs under armen på jenta og så fører ho framfor seg.
  • Store sveipen tek oftast utgangspunkt i at guten har jenta på motsett hand av den opphavlege. Han svingar seg kring sin eigen arm, og i løpet av denne turen byt han hand, og svingar jenta med rette handa. Ulike slag sveipar kan og utførast utan handskifte (med båe hender).
  • Rundsnua byrjar med at guten legg armen kring aksla på jenta, og svingar seg inn i eit samdanstak. Sjølve snua byrjar med eit sprang på høgre fot, og paret sviv til guten slepp jenta og går ut i utgangsposisjon att. Snua byrjar på motsett fot samanlikna med Hallingspringaren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]