Valenki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valenki
Russiske valenkiar, varme støvlar av filt med eller utan kalosjar (gummisko).

Valenki (russisk валенки, «tovestøvler», eintal valenok) er tradisjonelle russiske vinterstøvlar laga av filt. Varme skor, støvlar og støvlefôr av filt kan òg kallast katankar (eventuelt i fleirtalsforma katanka), kartankar[1] (eventuelt kartanka[2], i eintal kartank) på russenorsk og i dialektar i Finnmark og tova ullfot, labbar og anna på norsk.[3][4]

Valenki og katanka[endre | endre wikiteksten]

Valenki og anna tova fottøy til sal sitt under Kosma Prutkov-festivalen i Solvytsjegodsk i 2009

Støvlane er tova fullstendig av ull og manglar solar, men er slitesterke. Dei gjev god isolasjon mot vintertemperaturar ned mot førti kuldegradar. Støvlane er ikkje vasstette, og blir ofte brukt med kalosjar (gummisko) utandørs. Dei kan brukast både ute og inne.

Det er stor produksjon av valenki i Russland. Det er òg fleire små valenki-museum, blant anna i den vesle byen Mysjkin. I Finnmark kan ein bruka katanker når det er kaldt, og desse er vanlegvis laga i Russland.[5]

Kartanka blir tova av saueull og blir brukt med overtrekkssko eller fotposar.[6] Kartanka blir òg brukt som filttøflar inne i skallar, samisk fottøy av reinsdyrskinn som tradisjonelt i staden blei isolert med sennegras.

Andre definerer katankar som «en stivere utgave av dosso, en tovet ullfiltsokk som brukes i skaller.»[7] Nemningane har kome inn i norske dialektar i nord gjennom kontakten med nabofolk. På russisk kan filtstøvlane valenki òg kallast katanki.[8] «Dosso» kjem av ordet tosso som på finsk og kvensk kan brukast om 'tøffel' eller 'sko'.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Filttøflar, tovesko, varme tøflar av filt
  • Skallar, samiske skinnstøvlar
  • Kamikkar, tradisjonelle grønlandske støvlar
  • Lapti, tradsjonelle russiske bastsko
  • Sapogi, russiske langstøvlea (skaftestøvlar)

Andre russiske vinterplagg:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Søkeordet «katanker» i digitalmuseum.no
  2. Søkeordet «katanka» i digitaltmuseum.no
  3. Søkeordet «kartanker» i digitaltmuseum.no
  4. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 6. juli 2012. 
  5. 5,0 5,1 Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017
  6. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 16. april 2016. Henta 6. juli 2012. 
  7. Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017
  8. Dialektordene katanker og dosso forklart i NRKs Språkteigen 09. juli 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Valenki