Valens i lingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I språkvitskap refererer valens til kor mange og kva for typar komplement ein predikator, som eit verb eller eit adjektiv, knyter til seg for å danne setningar. Med komplement meiner ein alle ledda predikatoren knyter til seg, inkludert subjektet. Valens i språkvitskap byggjer på ein metafor henta frå kjemi, der «valens» refererer til kor mange valensbindingar eit atom kan forme med eitt eller fleire andre atom. Valensmodellen i språkvitskap går tilbake til den franske lingvisten Lucien Tesnière og boka Éléments de syntaxe structurale ('Grunndrag av ein strukturell syntaks'), utgjeven posthumt i 1959. Tesnière utvikla valens som ein viktig komponent i sin dependensgrammatikk. Valens er nærskyldt, men ikkje identisk med omgrep som transitivitet og subkategorisering.

Skiljet mellom valensbundne og ikkje-valensbundne ledd[endre | endre wikiteksten]

Sentralt i valensteori er skiljet mellom valensbundne og ikkje valensbundne ledd, og berre valensbundne ledd høyrer til i ei beskriving av valensen til ein predikator. Valensbundne ledd blir gjerne kalla komplement, argument eller utfyllingar, medan ledd som ikkje er valensbundne gjerne blir kalla adjunkt, modifikatorar eller adledd. Det er særleg to kriterium som blir nytta for å avgjere om eit ledd er valensbunde eller ikkje. Valensbundne ledd er

  • Obligatoriske
  • Predikatorspesifikke

At eit ledd ikkje kan utelatast, er eit tilstrekkeleg, men ikkje naudsynt kriterium for at eit ledd er valensbunde. At eit ledd er predikatorspesifikt, tyder at predikatoren avgjer kva for ei form leddet kan ha. Ein skil gjerne mellom syntaktisk valens, som seier noko om kva for ei form komplementa kan ha, slik som NP (substantivfrase), PP (preposisjonsfrase), finitt setning og infinitivskonstruksjon, og semantisk valens, som seier noko om kva for semantisk struktur komplementa kan ha. Eit anna omgrep som har vorte brukt om syntaktisk valens, er subkategorisering, eit omgrep som er knytt til frasestrukturgrammatikkar. Valensbundne ledd tener såleis til å subkategorisere predikatoren, sidan valensbundne ledd berre kan kombinerast med ein underklasse av den aktuelle predikator-typen. Ledd som ikkje er valensbundne, kan typisk kombinerast med alle predikatorar av den aktuelle typen. Omgrepet seleksjon, som òg er knytt til grammatikkar som byggjer på frasestruktur, viser til semantisk valens. Eit verb som puste vil til dømes kombinere med eit animat subjekt, dvs. eit subjekt som viser til eit levande vesen. Semantisk valens blir gjerne uttrykt i form av semantiske roller. Verb og adjektiv kan delast inn i klasser etter kor mange komplement dei knyter til seg, dvs. etter kva for kvantitativ valens dei har:

Verbvalens[endre | endre wikiteksten]

  • Monovalente verb tek eitt komplement, t.d. sove som i Ho søv
  • Divalente verb tek to komplement, t.d. sparke som i Ho sparkar ballen
  • Trivalente verb tek tre komplement, t.d. gje som i Ho gav dei ei gåve

Adjektivvalens[endre | endre wikiteksten]

  • Monovalente adjektiv tek eitt komplement, t.d. raud som i Boka er raud
  • Divalente adjektiv tek to komplement, t.d. redd som i Ho er redd hunden
  • Trivalente adjektiv tek tre komplement, t.d. skuldig som i Ho er skuldig dei pengar

Valens som metafor[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet valens vart innført i kjemi i 1868 som nemning for kjemiske bindingar mellom element. Ein hadde då vist empirisk at det finst ulike kombinasjonstypar av kjemiske element. Omgrepet valens vart såleis nytta om eigenskapar ved element til å bestemme kor mange andre atom eit element kan kombinerast med, og ein kunne klassifisere element med utgangspunkt i valensen deira. Dermed viser valens i kjemi til to forhold, nemleg bindingseigenskapane til ulike element og til talet på andre atom eit element kan kombinerast med. Det er denne grunnleggande valensmodellen frå kjemi Lucien Tesnière overførte til språkvitskapen og sin dependensgrammatikk. Verbet i ei setning vart samanlikna med eit atom som bestemmer både talet på komplement og dei kvalitative eigenskapane til komplementa, som Tesnière kalla deltakarar (aktantar). Valens kan ikkje i seg sjølv forklare bindingane mellom atom, og kjemien tydde seinare til hypotetiske elektron for å gje modellen forklaringskraft. Valensbinding kunne så forklarast som elektroniske vekselverknader mellom elektron og mellom elektron og atomkjernen. Heller ikkje i språk er valensbindingar direkte observerbare, men valensmodellen er ein metafor for å beskrive korleis ord opptrer saman med visse typar av ord og ikkje med andre.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Ágel, Vilmos. 2000. Valenztheorie. Tübingen: Narr.
  • Nikula, Henrik. 1986. Dependensgrammatik. Stockholm: Liber förlag.
  • Pongó, Stefan. 2003. Die wertigkeitsmetapher. In Vilmos Ágel, Ludwig M. Eichinger, Hans-Werner Eroms, Peter Hellwig, Hans Jürgen Heringer & Henning Lobin (Eds.), Dependency and valency: an international handbook of contemporary research, vol. 1, 9-14. Berlin: de Gruyter.
  • Tesnière, Lucien. 1959. Éléments de syntaxe structurale. Paris.
  • Tesnière, Lucien. 1980. Grundzüge der strukturalen Syntax. Stuttgart: Klett-Cotta.