Valentin K. Ivanov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valentin K. Ivanov
Valentin Kozmich Ivanov.jpg
Verkeleg namn Валентин Козьмич Иванов
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 19. november 1934
Moskva
Død

8. november 2011
Moskva

Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Valentin Kozmitsj Ivanov (19. november 19348. november 2011) var ein russisk fotballspelar, fødd og død i Moskva. Angrepsspelaren vart europameister med Sovjetunionen i 1960 og toppskårar i turneringa. Med si store fart og ein vel utvikla teknikk var Ivanov ein flink driblar som skapte mange målsjansar, både til seg sjølv og lagkameratar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

I 1952 byrja Ivanov spele på det sovjetiske topplaget Torpedo frå heimbyen Moskva. År 1960 vann han med Torpedo både den sovjetiske cupmeisterskapen og seriemeisterskapen. Fem år seinare vann Torpedo og Ivanov eit nytt seriegull. Gjennom fjorten år til 1966 spelte han 286 seriekampar og skåra 124 mål.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Ivanov fekk sin landslagsdebut sommaren 1955 og spelte sin 59. og siste landskamp ti år og ei veke seinare. Han spelte tre av Sovjets kampar under Sommar-OL 1956 i Melbourne, med var ikkje med om finalesigeren mot Jugoslavia. Under fotball-VM 1958 deltok han i alle kampane til Sovjetunionen, ein meisterskap som enda med at laget vart slått i kvartfinalane av vertslandet Sverige.

I 1960 skåra Ivanov to av dei tre måla då Sovjetunionen vann 3-0 over Tsjekkoslovakia i semifinalane i EM og bidrog mykje til at laget hans vann den fyrste europameisterskapen fotball. Finalemøtet i Paris mellom Jugoslavia og Sovjetunionen enda 1-2. Både i EM 1960 og med sine fire nettkjenningar ved VM 1962 var Ivanov ein av toppskårarane i turneringane. I 1964 tok Sovjetunionen, med Ivanov på laget, seg til ein ny EM-finale, men lukkast ikkje å forsvare EM-tittelen mot Spania.

Totalt skåra Ivanov 26 landslagsmål, utan at han kom på skåringslista då eit briljant sovjetisk lag i VM-kvalifiseringskampar sommaren 1961 feia Noregs landslag av bana med 5-2 på heimebane og 3-0 på bortebane. Einast Oleh Blokhin og Oleh Protasov har skåra fleire landslagsmål for Sovjetunionen/Russland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Olympisk meister: 1956 med Sovjetunionen
  • Europameister: 1960 med Sovjetunionen
  • EM-sølv: 1964 med Sovjetunionen
  • Sovjetisk seriemeister: 1960 og 1965 med Torpedo Moskva
  • Sovjetisk cupmeister: 1960 med Torpedo Moskva

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Valentin K. Ivanov var gift med turnaren Lidija Ivanova. Dei to var foreldre til fotballdommaren Valentin Valentinovitsj Ivanov, som mellom anna dømde kampar under VM i fotball 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]