Valentin Valentinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valentin Valentinsen
Fødd21. desember 1861
Død25. oktober 1952 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeingeniør, politikar
Alle verv

Valentin Valentinsen (21. desember 186125. oktober 1952) var ein norsk maskinkonstruktør og stortingsmann frå Haugesund. Han representerte Venstre.

Valentinsen var son til ein skipsreiar. Sjølv gjekk han maskinlinja ved Trondhjems tekniske skole og arbeidde frå 1882 ved Martens Olsens skipsverft i Laksevåg. Der vart han seinare maskinkonstruktør. År 1887 var han sjef på maskinavdelinga til eit privateigd verft i Nikolajev i Sør-Russland, eit verft som bygde krigsskip. Etter ei studiereise til fem europeiske land var han leiande maskinkonstruktør ved skipsverftet Palmer i Jarrow-on-Tyne i England. Året etter var han først anleggsingeniør ved Crane Brothers i Chicago og sidan leiande konstruktør for krigsmaskineri ved Union Iron Works i San Francisco i USA. I 1893 slo han seg ned i Noreg der han levde som teknisk konsulent på fleire felt, så som vasskraft- og elektrisitetsanlegg, og bygging av fabrikkar og skip.

Valentinsen busette seg i Haugesund i 1901, der han frå 1904 til 1910 var medlem av bystyret. Han var varaordførar 1908 og ordførar 1909 og 1915-16. Valentinsen var Haugesund sin representant på Stortinget i tida 1910-15. Begge valperiodane var han medlem av næringskomite nr 1, nestformann frå 1913. Bolken 1910-12 var han også medlem av reguleringskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]