Valerij Berkov (red.): Russisk-norsk ordbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Russisk-norsk ordbok ~ Russko-norvezskij slovarʼ er ei stor ordbok frå russisk til norsk. Ordboka står i den sovjetiske leksikografiske tradisjonen og er ei av dei beste ordbøkene mellom norsk og noko anna språk.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den første utgåva av ordboka kom ut i Sovjetunionen i 1989 og var redigert av Valerij Berkov.

Andre utgåve kom ut i Russland i 2001 og i Noreg i 2003. Denne andre utgåva var eit resultat av eit samarbeid med Slavisk institutt ved Universitetet i Oslo, og vart redigert av Valerij Berkov, Siri Sverdrup Lunden, og Terje Mathiassen. Den norske utgåva kom ut på Universitetsforlaget.

Dette samarbeidet resulterte også i ei like stor og god norsk-russisk ordbok.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Liberman, Anatoly 1990: Review of Valerij P. Berkov, Russko-norvezskij slovarʼ/Russisk-norsk ordbok. i SS. 62 s. 230-231.