Valerij Gopin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valerij Gopin
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 8. mai 1964 (59 år)
Seltso
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Valerij Pavlovitsj Gopin (fødd 8. mai 1964) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Seltso i Brjansk oblast. Han vart olympisk meister 1988 og 1992 for Sovjetunionen, verdsmeister 1993 og 1997 for Russland og europameister 1996 med same landslaget. Fekk også med seg to-VM-sølv og eitt EM-sølv. Han deltok i 187 landskampar for Sovjetunionen og Russland.

Gopin var venstrekant i Lokomotiv Tsjeljabinsk i ti år fram til 1991. Deretter var han i tre sesongar aktiv i Spania og sidan to i Italia. Frå 1996 gjorde han teneste i fire ulike klubblag i Tyskland, før han reiste tilbake til italienske Meran. Han la opp i 2003.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 1988 og 1992
  • VM-gull: 1993 og 1997
  • EM-gull: 1996
  • VM-sølv: 1990 og 1999
  • EM-sølv: 1994

Kjelder[endre | endre wikiteksten]