Valerij Kharlamov
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valerij Borisovitsj Kharlamov (14. januar 1948–27. august 1981) var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva som i tida 1969-79 vann åtte VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey. Han og kona hans omkom i ei trafikkulukke ved Solnetsjnogorsk.
Venstrevengen Kharlamov spelte på CSKA Moskva frå 1967 til han døydde. Med laget til sovjet-hæren vart han sovjetmeister heile elleve gongar. Frå 1969 til 1980 deltok Kharlamov i samtlege verdsmeisterskap og olympiske vinterleikar på Sovjetunionens dominerande ishockeylandslag og fekk medalje i alle 14 turneringane (10-3-1). Han vart verdsmeister 1969-71, 1973-75 og 1978-79 og olympisk gullmedaljør i 1972 så vel som i 1976.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Waleri Borissowitsch Charlamow» frå Wikipedia på tysk, den 16. november 2019.