Valerij Medvedtsev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valerij Medvedtsev
Fødd 5. juli 1964
Izjevsk
Yrke skiskyttar, trener

Valerij Aleksejevitsj Medvedtsev (russisk: Валерий Алексеевич Медведцев) (fødd 5. juli 1964) er ein sovjet-russisk, tidlegare skiskyttar og -trenar frå Izjevsk. Han vart trippel verdsmeister i skiskyting i 1986, og vart i 1988 olympisk meister i stafett, samt verdsmeister på 20 km i 1990. I alt vann han elleve VM- og OL-medaljar. Medvedtsev tevla for både Sovjetunionen og Russland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Medvedtsev debuterte internasjonalt under VM i skiskyting 1986 i Oslo, og vart verdsmeister i alle tre øvingane; 10 km, 20 km og stafett. Også året etter gjorde han gode løp i samtlege VM-øvingar, men måtte nøye seg med eit stafett-sølv. Han vann så stafettgull med Sovjetunionen under vinter-OL 1988 i Calgary, og tok i tillegg sølv både på sprinten og på 20 km, i begge tevlingane var Frank-Peter Roetsch hans overmann.

I 1990-sesongen kom Medvedtsev på tredjeplassen i verdscupen i skiskyting. Gjennom sine år som aktiv vann han tre individuelle renn i verdscupen, og stod på pallen sju gongar. Under VM 1990 i Minsk vann Medvedtsev sitt tredje individuelle VM-gull då han gjekk til topps på 20 km. Sigeren vart hans siste i dei store meisterskapane, sidan fekk han ein bronsemedalje i lag for Sovjetunionen under VM 1991 og to sølvmedaljar i stafett med Sovjetunionen i vinter-OL 1992 og med Russland under VM 1993. Han la opp i 1994.

Medvedtsev er sidan 2000-talet gift med skiskyttaren Olga Pyljova, og var ei tid trenaren hennar.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar