Valerij Muratov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Valerij Muratov

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 1. mai 1946 (77 år)
Kolomna
Yrke skøyteløpar, skøytetrener
Språk russisk
Valerij Muratov på Commons

Valerij Aleksejevitsj Muratov (fødd 1. mai 1946) er ein russisk skeiseløpar og -trenar frå Kolomna som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i skeisesprint i 1970 og 1973.

Muratov gjekk heilt til topps då den fyrste verdsmeisterskapen i sprint på skeiser vart arrangert i West Allis i delstaten Wisconsin i USA. To år seinare fekk han bronsemedaljen på 500 m under Vinter-OL 1972 i Sapporo, bak OL-vinnar Erhard Keller frå Vest-Tyskland og svenske Hasse Börjes. Seinare i sesongen vart han andremann bakom finske Leo Linkovesi då sprint-VM 1972 fann stad i Inzell.

Ved sprint-VM 1973 i Oslo vann Muratov sin andre meistertittel, med nederlendarane Jos Valentijn og Eppie Bleeker på plassane bak. I 1975 tok han si fjerde medalje i eit sprint-VM då han med sin bronseplass syrgde for at alle pallplassane gjekk til sovjet-løparar. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck vann han to medaljar, fyrst tok han sølv på 500 meter bak landsmannen Jevgenij Kulikov, og så fekk han bronse på 1000 meter, slått av Peter Mueller frå USA og norske Jørn Didriksen.

Muratov vart sovjetisk sprintmeister i åra 1970-73 og 1977. Han la opp etter 1978-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]