Valestrandsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Valestrandfossen)
Valestrandsfossen
tettstad
Valestrandsfossen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Osterøy
Areal 0,94 km²
Folketal 1 382  (2023)
Folketettleik 1 470 / km²
Postnummer 5281 VALESTRANDSFOSSEN
Kart
Valestrandsfossen
60°30′20″N 5°25′57″E / 60.505555555556°N 5.4325°E / 60.505555555556; 5.4325

Valestrandsfossen, også skrive Valestrandfossen, eller Valestrand er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden har 1 382 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg på vestsida av Osterøy, ved sørfjorden. Osterøy Ferjeselskap driv ferjesamband mellom Valestrandsfossen og BreisteinBergenshalvøya etter at Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap gav opp drifta 1. mai 2004.

Den verdskjende musikaren Ole Bull hadde sumarhus på Valestrand, og det var her han vart kjend med den norske folkemusikken. Huset han bygde og som framleis står på Valestrand, var det første i huset i moderne tid bygd i drakestil her i landet. Det var hit han tok med Edvard Grieg for å "fornorska" han etter studie i Tyskland.

Valestrand er og heimebana til fotballlaget Valestrand Hjellvik Fotballklubb

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.