Valmonarki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Potęga Rzeczypospolitej u zenitu. Złota wolność. Elekcja R.P. 1573. ('Republikken på toppen av makta. Gyllen fridom. Valet i 1573') måla av Jan Matejko i 1889.

Valmonarki (eller valkongedøme) er eit konstitusjonelt monarki der den nye monarken blir vald ved kvart regentskifte,[1] i staden for at tittelen går i arv.[2] Ein variant av valmonarkiet er ein arveleg rett til trona der den nye regenten også må anerkjennast av folket.[3]

I keisartida fungerte Romarriket i praksis som eit slags valmonarki, sjølv om Romarriket strengt tatt var definert som ein republikk. H.G. Wells skildra valet av Julius Cæsar på livstid som eit slags monarkval.[4] Det tysk-romerske riket er kanskje det best kjente pseudo-valmonarkiet; frå 300-talet blei keisaren vald av ei gruppe kurfyrstar og var som regel eit medlem av Habsburgfamilien. Valmonarkiet i det tyske riket blei etablert i 1250 og valreglane fastsatte i 1356 i den gylne bullen.[5] Polen valde konge frå mellomalderen (1370) til 1791. Særleg frå Sigismund August sin død i 1572 styrka aristokratiet stillinga si på kostnad av monarken.[6][7][8] Det polske systemet blei derfor omtalt som «adelens demokrati» eller «adelens monarki».[9]

Fram til 1660 var Danmark eit valkongedøme der kongen måtte underteikna ei handfesting som avgrensa makta hans, og etter dansk påverknad var også Noreg eit valkongedømme 1450–1660[10] (eller fra 1319).[5][11] Halvdan Koht meinte at Noreg utvikla seg mot valkongedøme frå 1343.[12]

I dag er Den heilage stolen/Vatikanstaten eit døme på eit valmonarki der statsoverhovdet, paven, blir vald av kardinalane gjennom paveval.

Ved sjølvstende i 1957 innførte Malaysia valmonarki der statssjefen blir vald av og blant fyrstane i delstatane.[13]

Noverande valmonarki[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gyldendals konversasjonsleksikon. Gyldendal. 1933. 
  2. Wyller, Thomas Chr (6. mars 2019). «valgkongedømme». Store norske leksikon (på norsk). 
  3. Stahl, F. J. (2009). The Doctrine of State and the Principles of State Law. WordBridge Publishing.
  4. Wells, H.G. (1866-1946) (1927). Wells' verdenshistorie: et utsyn over livets og menneskeslektens saga. Gyldendal. 
  5. 5,0 5,1 Imsen, Steinar (1993). Europa 1300-1550. Universitetsforl. ISBN 8200216217. 
  6. Fletcher, J. (1831). The history of Poland: from the earliest period to the present time (Vol. 24). Cochrane and Pickersgill.
  7. Lukowski, J. (2014). The partitions of Poland 1772, 1793, 1795. Routledge.
  8. Reddaway, W. F., Penson, J. H., Dyboski, R., & Halecki, O. (red.). (2016). The Cambridge History of Poland. Cambridge University Press.
  9. Bues, A. (2001). The formation of the Polish-Lithuanian monarchy in the sixteenth century. In The Polish-Lithuanian Monarchy in European Context, c. 1500–1795 (s. 58-81). Palgrave Macmillan, London.
  10. Cappelens leksikon. Cappelen. 1985. ISBN 8202049687. 
  11. En Nordisk dimensjon. Foreningen Norden. 1995. ISBN 8299255023. 
  12. Imsen, Steinar (1972). Arv, annammelse, valg: en studie i norsk tronfølgerett i tidsrommet 1319-1450. Universitetsforlaget. ISBN 8200088979. 
  13. Wickbom, T. G. (1964). Malaysia. [Chr. Michelsens institutt].