Valmuefrø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av ulike valmuefrø
Tørka frøkapslar og frø.

Valmuefrø er frø frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum).[1] Dei blir brukt til matlaging, mellom anna i ei rekkje former for bakverk.

Dei er små, nyreforma frø som er mindre enn ein millimeter lange.[2] Ein treng rundt 3 300 frø for å få eit gram.[3] Dei kan vera svarte, blågrå eller kvitlege på farge.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamle medisinke tekstar frå ulike oldtidskulturar nemner valmuefrø. Til dømes lister den egyptiske papyrusrullen kjend som Ebers Papyrus, skriven ca. 1550 f.Kr., opp valmuefrø som eit beroligande middel.[5] Den minoiske kulturen (ca. 2700-1450 f.Kr.), ein bronsealderkultur på Kreta, dyrka valmuar for frøa deira, og brukte ei blanding av mjølk, honning og opium til å roa gråtande spebarn. The Også i Sumer er det kjend at dei dyrka valmuefrø.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Valmuefrø blir ofte brukte til baking. Dei kan brukast heile i deigen eller på skorpa. Ein kan også mala dei til ein deig som til dømes kan brukast som fyll eller i sausar. Ein kan også pressa valmueolje frå dei.

Dei farga er mest brukte i europeisk matlaging, medan dei lyse er mest brukte i sørasiatisk mat.[4]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Valmuefrøproduksjon – 2016
Land (tonn)
Tsjekkia Tsjekkia
28 574
Tyrkia Tyrkia
18 205
Spania Spania
13 377
Ungarn Ungarn
8 948
Frankrike Frankrike
5 777
Verda
92 610
Kjelde: FAOSTAT ved SN[6]

I 2016 blei det produsert 92 610 tonn valmuefrø i verda. Det største produsentlandet var Tsjekkia, som stod for 31 % av verdsproduksjonen, følgd av Tyrkia og Spania.[6]

Stoffinnhald[endre | endre wikiteksten]

Frøa til alle valmuar ligg inne i ein stor frøkapsel. Sidan valmuefrø kjem frå same type plante som blir brukt til å laga opium, kan dei innehalda små mengder av dei stoffa som finst i opium, som morfin. Opium blir laga av saft frå frøkapselen. Frøa inneheld noko opiumsstoff sjølv, og kan også ha litt stoff frå safta. Årstida og kor godt frøa er vaska vil påverka kor mykje av stoffet som finst i dei.

Det viktigaste smaksstoffet valmuefrø inneheld er 2-pentylfuran.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mørland, Jørg (13. februar 2009). «Valmuefrø». Store medisinske leksikon. Henta 14. august 2017. 
  2. Yearbook of Agriculture. United States Government Printing Office. 1896. s. 203. 
  3. 3,0 3,1 McGee, Harold (2004). On Food and Cooking: The Science and Lore of the Kitchen. Simon and Schuster. s. 513. ISBN 978-0-684-80001-1. 
  4. 4,0 4,1 «Poppy seeds recipes». BBC Food. Henta 21. august 2018. 
  5. Raghavan, Susheela (2006). Handbook of spices, seasonings, and flavorings. CRC Press. s. 158. ISBN 978-0-8493-2842-8. 
  6. 6,0 6,1 «Poppy seed production in 2016, Crops/Regions/World list/Production Quantity (pick lists)». UN Food and Agriculture Organization, Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2017. Henta 10 June 2018. 
  7. Yiu H. Hui, Handbook of Food Science, Technology, and Engineering. CRC Press 2006. ISBN 0-8493-9848-7