Valsøyfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valsøyfjord
stad
Valøyfjord i Halsa.jpg
Valsøyfjord
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Halsa
Postnummer 6687 VALSØYFJORD
Innbyggjarnamn valsøyfjording

Valsøyfjord er ein kyrkjestad og tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal. Kommunen omfatta området rundt ValsøyfjordenNordmøre.

Frå 1837 var han ein del av Aure formannskapsdistrikt. Valsøyfjord blei skilt ut som eigen kommune då Aure blei delt i to 1. januar 1894. Valsøyfjord hadde ved opprettinga 942 innbyggarar.

1. januar 1965 blei det meste av Valsøyfjord med 1 104 innbyggarar slått saman med Halsa til den nye Halsa kommune. Området på Ertvågøya med 141 innbyggarar blei slått saman med ein del av Tustna på Ertvågøya samt Aure og Stemshaug kommunar til den nye Aure kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Valsøyfjord kommune frå 1894 til 1965:

1.1.1894[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1965[1]
942 1016 1316 1313 1422 1428 1306 1245

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Valsøyfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå