Vamma kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°32′29.24″N 11°10′12.02″E

Vamma kraftverk
1702. Fra Hvamma - no-nb digifoto 20140314 00003 bldsa PK12747.jpg
Opna i 1915
Stad Østfold:
Maskininstallasjon 215 MW
Største utnytta fallhøgd 28,5 m
Magasinkapasitet 1275 GWh
Eigd av Hafslund produksjon
Nettstad www.hafslund.no

Vamma kraftverk er eit vasskraftverk i Glomma i kommunane Askim og Skiptvet i Østfold fylke. Kraftverket utnyttar eit fall på 28,5 meter mellom Kykkelsrud og Vamma og er eit elvekraftverk.

Kraftverket blei påbegynt i 1907 av Vamma Fossekompagnie, der Sam Eyde var grunnleggjar, med tanke på å sikre energi til produksjon av kunstgjødsel. Denne produksjonen kom aldri i gang og Hafslund overtok anlegget.

Produksjonen starta i 1915 med to turbinar. Kraftverket er seinare utvida og modifisert ei rekkje gonger og det inneheld i dag ti francisturbinar og ein kaplanturbin. Samla maksimal effekt er 215 000 kW. Kraftverket har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1 275 GWh, og er med det Noregs største elvekraftverk, målt i produksjon.

Kraftverket er ått av Hafslund produksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vamma kraftverk