Vamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vamp

Vamp på Elvefestivalen i Drammen, 19. august 2005
Opphav Noreg, Haugesund
Periode1991-
Aktiv1990–
Sjangerfolkemusikk, viser, rock
PlateselskapUniversal Music
MedlemmerØyvind Staveland – fiolin, bratsj, trekkspill, fløyter, vokal

Odin Staveland – keyboard, trommer, gitar, vokal
Jan Ingvar Toft - vokal, gitar
Tore Jamne – trommer, perkusjon

Bjørn Berge - gitar
Tidlegare medlemmerTorbjørn Økland - gitar, mandolin, bouzoki, trompet, kor

Calle Apeland – bass, keyboards, gitar, kor
Vidar Johnsen – vokal, gitar, keyboards, perkusjon
Paul Hansen – vokal, gitar, munnspill
Erling Sande – trommer, perkusjon
Cliffie Grinde – trommer, perkusjon, kor

Birger Mistereggen – trommer, perkusjon, munnharpe
PrisarÅrets spellemann, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen i visesang, Prøysenprisen

Vamp er ei norsk musikkgruppe frå Haugesund som vart starta i 1991. Bandet speler folkemusikk kombinert med viser og rock. Dei har til no gitt ut åtte studioalbum, fått ti gullplater, tre platinaplater og to trippelplatina og fem Spellemannprisar. Mellom anna vart dei kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2006 etter suksessen med I full symfoni som er eit livealbum frå konsertane med Kringkastingsorkesteret.

Vamp har etablert ein stor og trufast tilhengarskare både i kraft av musikken og dei norske tekstane sine. Dei aller fleste av tekstane er skrivne av norske lyrikarar og forfattarar. Mest kjende er dei for samarbeidet med lyrikaren Kolbein Falkeid som dei har arbeidd saman med gjennom heile karrieren. Falkeid står bak brorparten tekstane på dei tre første albuma, og hans tekstar er blitt nytta på alle albuma. Ein annan viktig bidragsytar på tekstsida er Arnt Birkedal som har bidratt med tekstar til dei aller fleste utgivingar, i tillegg til Ingvar Hovland som har vore den viktigaste bidragsytaren på dei to siste albuma. Det meste av musikken er skriven av Øyvind Staveland og i starten av karrieren òg av Jan Ingvar Toft. Etter kvart har òg Torbjørn Økland, Carl Øyvind Apeland, Vidar Johnsen og Odin Staveland bidrege betydeleg som låtskrivarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Øyvind Staveland og Torbjørn Økland var initiativtakarar til bandet som fekk platekontrakt i 1992. Staveland hadde alt vore i kontakt med lyrikaren Kolbein Falkeid om å sette musikk til dikta hans. Medlemmane i Vamp ved starten var i tillegg til Staveland på diverse instrument og Økland på gitar, Carl Øyvind Apeland (bass), Erling Sande (trommer) og Jan Ingvar Toft (vokal). Det første albumet Godmorgen, søster kom i 1993. Til å begynne med selde det berre moderat, men etter kvart som Vamp sitt rykte som liveband skaut fart, vart gruppa særs populær i heile landet. Ein annan årsak var at «Tir n'a Noir» etter kvart vart spelt mykje på radio. Den er framleis Vamp sin mest kjende melodi. Vamp heldt fram å dyrke sitt særpreg på Horisonter frå 1994.

Erling Sande var med som trommeslagar fram til 1995, då han vart erstatta av Cliffie Grinde. I 1996 kom Vamp med to utgivingar. Først studioalbumet 13 humler, som i tillegg til tittelsporet mellom anna inneheldt «Ingeborg» og «Lindehålsma'en». Deretter kom konsertplata Folken som vart spelt inn på konsertstaden med same namn i Stavanger. Albumet inneheldt konsertversjonar av kjende Vamp-songar og ein tidlegare uutgitt song «Kun i kveld» med tekst av Steinar Lyse.

I 1998 slutta Grinde i bandet og Vamp held fram utan nokon fast trommeslagar. På Flua på Veggen spelte både Grinde og Tore Jamne trommer. Jamne bidrog i tillegg til tre av tekstane på utgivinga. Albumet inneheldt òg tekstar av mellom andre Inger Hagerup, Ingvar Moe og Gunnar Roalkvam og songen «Kajsas sang» som er skriven av og tidlegare spelt inn med Ole Paus.

Mellom vokalistar[endre | endre wikiteksten]

I slutten av 1998 kunngjorde vokalist Jan Ingvar Toft at han ville forlate Vamp. Avslutninga på hans periode som vokalist vart markert med samlealbumet Ei med alt som vart gitt ut i 1999 og inneheld songar frå Vamp sine tre første album. Same året vart Vidar Johnsen henta inn som ny vokalist og assosiert medlem, i første rekke i konsertsamanheng. Under innspelinga av det neste studioalbumet, En annen sol, medverka ikkje Johnsen. I staden for ein fast vokalist vart det nytta ei rekke kjende og etablerte gjestevokalistar og solistar som Herborg Kråkevik, Anne Grete Preus, Kirsten Bråten Berg, Morten Abel og Leif Ove Andsnes. I tillegg deltok òg gamlevokalist Toft som vokalist på songen «Berget det blå». Albumet vart sloppe 20. september 2000. Både Toft og trommeslagarane Sande, Grinde og Jamne har opptrådt med Vamp etter at dei slutta som medlem i bandet.

I 2001 deltok Vamp under innspelinga av albumet Camomile med den japanske songarinna Emi Fujita. Fujita var frå før ein kjend artist i heimlandet, og valde å spele inn debutplata med kjende vestlege songar, mellom dei «Tir n'a noir» i engelsk språkdrakt. Delar av albumet vart spelt inn på Sandnes med Vamp og Rita Eriksen.

Johnsen-perioden[endre | endre wikiteksten]

I september 2002 kom albumet Månemannen, eit album som gjorde Vidar Johnsen til bandets hovudvokalist. Albumet inneheldt tekstar av mellom andre Hans Børli, Harald Sverdrup, Ottar Engtrø, Håvard Rem, svenske Nils Ferlin og Ingvar Hovland som skulle bli hovudbidragsytar på dei neste albuma. I tillegg bidrog som vanleg Falkeid og Birkedal med tekstar medan Johnsen komponerte fleire av melodiane. Tittelsporet «Månemannen» vart gitt ut som single juli det same året.

Den 24. oktober 2005 vart albumet Siste stikk gitt ut. Albumet var det andre og siste studioalbumet med Johnsen som hovudvokalist. På denne plata bidrog òg Øyvind Staveland sin son Odin Staveland som komponist, trommeslagar, pianist og rappar. Etter berre ei veke hadde albumet seld 40 000 eksemplar og Vamp gjekk for første gong i karrieren til topps på VG-lista som Noregs mestseljande artistar. Albumet vart liggande på salslistene i 26 veker. 2. november 2005 starta Vamp oppfølginga av si nyaste plateutgiving med turnéstart i Bergen.

Våren 2005 hadde Vamp konsertar med Kringkastingsorkesteret, Jan Ingvar Toft og Rita Eriksen. Konserten vart tatt opp og vist på NRK og i løpet av hausten 2006 vart den òg gitt ut på både album og DVD. I tillegg vart «Tir n'a noir»-versjonen frå konserten gitt ut på single. Både album og DVD selde bra og låg i over eit halvt år på salslistene, fleire veker som nummer ein. I samband med utgivingane la Vamp og Kringkastingsorkesteret ut på ein Noregsturné. Òg den opphavlege versjonen av «Tir n'a noir» vart gitt ut som single tidlegare det same året. Songen hadde alt begynt å dukke opp på salslistene som følge av nedlasting, og vart derfor likegodt gitt ut som vanleg singel. Etter suksessen dei siste åra, vart Vamp kåra til Årets spellemann under Spellemannprisen 2006.

I februar 2007 vart det klart at Vamp og vokalist Vidar Johnsen hadde avslutta samarbeidet etter at Johnsen sin kontrakt med bandet gjekk ut ved årsskiftet. Bandet annonserte samstundes at 2007 skulle bli eit pauseår for bandet.

På hausten same år sette Haugesund Teater opp musikalen «Hallo – adjø» basert på musikken frå Vamp. Stykket hadde premiere i Haugesund 7. september 2007 og vart òg framført i Sandnes kulturhus. Totalt vart stykket sett av 15 000 menneske. Hovudrollene i stykket vart spelt av Jon Eikemo, Elisabeth Moberg, Britt Synnøve Johansen og Grethe Svensen.

Nye medlem[endre | endre wikiteksten]

I desember 2007 presenterte bandet to nye assosierte medlem før plateinnspeling og turnear i 2008 og 2009: Paul Hansen frå bandet Cortina som ny hovudvokalist og Odin Staveland som alt hadde bidratt på Siste stikkkeyboard og diverse instrument. Seinare vart det kjent at Birger Mistereggen var innlemma som eit tredje assosiert medlem som ny trommeslagar. Vamp hadde blitt kjent med Mistereggen under konsertane med Kringkastingsorkesteret der han var trommeslagar og ønska no å nytte han i samband med plate og turné.

Med ny besetning gjekk Vamp i studio i første halvdel av 2008 for å spele inn sitt åttande studioalbum. I juni slapp dei første smakebit frå det kommande albumet i form av singelen «Velkommen inn» medan sjølve albumet, som fekk namnet St. Mandag, vart sleppt 20. oktober og selde over 80 000 eksemplar[1]. Med unnatak av ein song frå det førre albumet, var dette det første kor bandmedlemma sjølv bidrar med tekstar med fire tekstar frå Odin Staveland og ein frå Øyvind Staveland. Odin Staveland står òg bak fleire av melodiane. Etter utgivinga av albumet starta bandet på ein omfattande og landsdekkande turné.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Assosierte medlem[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlem[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Andre utgivingar[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vamp i 50.000». Haugesunds Avis - Puls. 22. desember 2010. Henta 22. november 2014. 
  2. «Jan Toft tilbake i Vamp». Haugesunds Avis - Puls. 11. juni 2014. Henta 22. november 2014. 
  3. «Bjørn Berge blir ny Vamp-gitarist». Haugesunds Avis - Puls. 22. oktober 2014. Henta 22. november 2014. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Flere medlemmer forlater Vamp». NRK.no. 10. juni 2014. Henta 22. november 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]