Vandaud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vandaude («daudingar»[1] eller «udaude») er eit omgrep for fantastiske vetter oppstått ved at skapningar som har døydd likevel held på noko levande åtferd og heimsøkjer dei levande som attergangarar. Som etter-levande finst dei i ein kroppsleg og/eller sjeleleg tilstand mellom liv og daude. I verda til dei levande kan dei vandaude til dømes trå etter å fullføra uoppfylte plikter, overbringa bodskap eller hemna seg for uoppgjort skuld. Vandaude stammar frå mytologi, folklore og religion; i nyare tid òg i annan fiksjon. Innanfor mystikken vil dei gjerne kalla på dei levande og gje dei kontakt med det hisidige eller ein annan dimensjon. I popkulturelle skrekksjangrar blir vandaude oftast framstilte som vampyrar, zombiar eller spøkjelse.[2]

"Vandaud" er ei omsetting av engelsk undead, eit uttrykk som Bram Stoker populariserte då han i 1897 gav ut romanen sin Dracula (arbeidstittel The Un-Dead).

Vandaude i folketru og religion[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet "vandaud" er innført for å skilja frå ånder eller vetter som er kroppsleg daude, men berre er åndeleg eller sjeleleg aktive. Vandaude utgjer eit motstykke i dét at dei mest er sjeleleg daude, men beheld noko førlegheit i lekamen sin. Dei kan påføra skade på dei levande på ymse vis. Blodsuginga åt vampyren er velkjent, men i dei eldste fortellingane frå Serbia heiter det at dei vandaude attergangarane heller kvelte ofra sine og spreidde sjukdom og sott. Ofte ville menneske som var i kontakt med ein vandaud få seg ei øyreteve, eit klypemerkje eller anna mein som aldri forsvann att.

Det mest utbreidde uttrykket for vandaude er vampyrar, som forekjem i klassisk form i Sør-Romania, Hellas og Serbia, medan i Transilvania der roman- og filmfiguren Dracula skulle koma frå, er dei mest ukjende.

Yoruba-religionane, som til dømes voodoo, spelar trua på at hekser styrer over zombiar ei stor rolle. I andre mytologiar er vandaude derimot for det meste uavhengig av kontrollerande makter utanfor dei sjølve.

I den islandske Soga om øyrbyggjene blir fleire attergangarar stilt for retten og dømde fordi dei kvar kveld drukna eller råtnande kjem inn i eldhuset og fordriv dei levande frå varmen.[3]

Moderne fiksjon[endre | endre wikiteksten]

Vandaude av ymse sortar finst i moderne fantasy-litteratur så vel som i vidare media, t.d. i filmar og spel. Då vert dei ymse formene for vandaude, t.d. ein draug, ofte framstilt med heilt ulike eigenskapar og framtoningar, slik at forsøk på generell klassifisering av typar vandaude støyter fort mot grensene sine.

Ofte er det ein svartekunstnar eller nekromant som har mana fram dei vandaude. Da dreier det seg som regel om hordar av lågare vandaude som zombiar, ghular eller vandrande skjelett.

Ein særskild form for vandaud er Lik (lich), ein mektig svartekunstnar som gir avkall på livet og trer inn i vandauden friviljug for å oppnå eit slag udøyelegdom, oftast for å kunna via all tida si til å studera magi enda meir intensivt. (jf. kosjtsjej).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Velle Espeland og Mikael Holmberg (1999). Den store boka om spøkelse. Omnipax. 
  2. Markus Metz og Georg Seesslen: Wir Untote! Über Posthumane, Zombies, Botox-Monster und andere Über- und Unterlebensformen in Life Science & Pulp Fiction. Berlin 2012. S. 7-38.
  3. Velle Espeland, Spøkelse og spøkelseshistorier – dei daude iblandt oss. I Siv Bente Grongstad, Ole Marius Hylland og Arnfinn Pettersen (red) Hinsides: Folkloristiske perspektiver på det overnaturlige. Oslo 1999: Spartacus

Artikkelen er omsett frå Wikipedia på tysk per 22.08.15

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Nasjonalbibliotekets digitale faksimil av Soga om øyrbyggjene, omsett av Jostein Høgetveit, Samlaget, 1939
  • Nasjonalbibliotekets digitale faksimil av Vetter og skrømt i norsk folketro, av Ørnulf Hodne, Cappelen, 1995
  • Velle Espeland: Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie Humanist forlag, Oslo, 2002
  • Ronald Grambo: Gjester fra graven. Norske spøkelsers liv og virke Ex libris, Oslo, 1991
  • Arnfinn Pettersen: Vampyr! Blodsugende lik i litteratur og tradisjon, Humanist forlag, 2003