Hopp til innhald

Vanessa Ferrari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vanessa Ferrari


Statsborgarskap Italia
Fødd 10. november 1990 (33 år)
Orzinuovi
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommar-OL 2016, Turn under Sommer-OL 2020 – Frittstående kvinner, Turn under Sommer-OL 2008 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Mangekamp lagkonkurranse kvinner, Turn under Sommer-OL 2012 – Frittstående kvinner, Turn under Sommer-OL 2016 – Mangekamp kvinner, Turn under Sommer-OL 2016 – Frittstående kvinner, Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp lagkonkurranse kvinner

Utmerkingar

ridder av Republikken Italias fortjenstorden, offiser av Republikken Italias fortjenstorden

Vanessa Ferrari (fødd 10. november 1990) er ein italiensk tidlegare turnar. Ho vart i 2006 verdsmeister og 2007 europameister i mangekamp i 2006. I tida 2006 til 2021 sanka Ferrari fem VM-medaljar, åtte EM-medaljar og ein OL-medalje.

Våren 2006 deltok Ferrari i alle fire øvingane då Italia vann lagtevlinga ved europameisterskapen i greske Vólos. Eit halvt år seinare gjekk ho til topps i mangekampen i Turn-VM 2006 i Århus. Under Turn-EM 2007 i Amsterdam vann ho mangekampen og frittståande. Sidan vann ho medalje i verdsmeisterskapane 2007 og 2013, samt europameisterskapane 2009, 2012, 2014 og 2021. I Sofia-EM 2014 vann ho gullmedaljen i spesialøvinga frittståande. Hennar einaste olympiske medalje, ein sølvmedalje i frittståande, kom i Tokyo i 2021. Åtte av hennar ni medaljar frå apparat-finalar kom i frittstånde, den niande, ein VM-bronse, kom i bom-øvinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]