Vang kyrkje på Hedmarken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vang kyrkje i Ridabu)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°48′8.6″N 11°7′57.8″E

Vang kyrkje
Vang kirke, Ridabu
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Hamar domprosti
Sokn Vang
Fellesråd Hamar
Stad Vang i Hamar kommune
Type Åttekant
Periode rokkoko
Arkitekt Abraham Pihl
Teknikk Mur
Innvigd 1810
 - Endringar 1877-78
Skip Åttekant
Sitjeplassar 1000[1]
Wikimedia Commons: Vang kirke, Ridabu

Vang kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1810 i Hamar kommune, Hedmark fylke. Kyrkja har murveggar av pussa naturstein, og kyrkjerommet er mellom dei største i Noreg, med 1000 sitjeplassar. Kirken ble innviet av biskop Bech 30. november 1810.

Helge Karset kalla den «Norges mektigste og mest monumentale landskirke»[2], medan Carl Schnitler meinte kyrkja er «et av de bedste rokokoarbeider i Norge.» [3] Svensken Sven Nilsson vitja Pihl i 1816 og vart svært imponert over bygget som han meinte var ein av finaste landskyrkjene i Noreg, «som äfven skulle kunna pryda en stad.» [4]

Prestegarden, som ligg tett ved, heiter også Vang og har gitt namn til bygda. Ved den tidlegare prestegarden finn ein no Toneheim folkehøgskole. Hanna Winsnes budde der medan mannen var sokneprest.[5]

25. februar 1814 var det val av valmenn som skulle utpeike utsendingar frå Hedmarkens amt til Riksforsamlinga på Eidsvoll.[6] Hamar blei kjøpstad i 1849, men hadde ikkje eiga kyrkje og innbyggjarane sokna til Vang. Ridabu blei rekna som langt frå byen og det blei halde gudstenester i leigde lokaler i den nye byen. Hamar betalte Vang kirke for 3–4 benkerader som framleis blei brukte av innbyggjarane i Hamar til kjøpstaden fekk eiga kyrkje i 1866.[7]

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Orgelet til blei laga av Christian Ingelstad på Toten.[8]

I kyrkja heng bilete av alle prestar etter reformasjonen, inkludert Peder Olsen som først var katolsk og så vart den første lutherske prest i Vang. Det er eit måla portrett av Pihl (med Dannebrogsordenen på) utført av slektningen Johannes Flintoe. Der er også eit portrett av presten Vincents Stoltenberg Bull, utført av hans nevø Matthias Stoltenberg. Det er også portrett av sogneprestene Winsnes, Andersen, Hille, Saxe, Frich, Selmer, Stabell og Smith.[9] Mathias Stoltenberg måla også ei altertavle (fjerna i 1876) som kopi av altertavla i Søndeled kyrkje. Stoltenberg blei gravlagt på Vang.[10]

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Etter at den førre kyrkja vart øydelagt av brann, oppmoda allmuen i Vang presten Pihl om sørge for ny kyrkje. Sokneprest Abraham Pihl teikna kyrkja, og stod delvis for byggjeleiinga. Byggmeister Svend Aspås frå Røros overtok leiinga i ein periode medan Pihl var opptatt som astronomisk observatør. Pihl gjorde arbeidet utan ekstra lønn. Han teikna sjølv alt utstyret inkludert orgelprospektet. Pihl fekk særleg ros for takkonstruksjonen som er sjølvberande (utan søyler). På grunn av krig var det opphald i byggearbeidet i 1808, men i 30. november 1810 vart kyrkja innvigd.[5]

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Vang kirke ble det banebrytende og fornemste, ja praktisk talt eneste kirkelige monument som den nyklassiske stil satte seg på Hedmark.

Kyrkja hadde opphavleg preikestolaltar, det vil seie at preikestolen var plassert rett over altaret, men er seinare ombygd fleire gonger. I 1877 vart tårnet med den flate hjelmen reve, også galleria og sakristiet vart reve - kor, nytt sakristi, barnedåpsrom, nye galleri og nytt tårn med spir kom opp.[5] Ei restaurering i 1954 vart leia av Arnstein Arneberg.

Vang kyrkje kan ha vore modell for Gamle Hunn kyrkje i noverande Gjøvik. Dette var ei avlang åttekantkyrkje bygd i tømmer, med sentraltårn, sakristi i eit tilbygg i aust og hovudinngang med våpenhus i eit tilbygg i vest, som i tida frå 1821 til 1881 stod der den gamle kyrkjegarden i Gjøvik ligg no. Liknande åttekantkyrkjer i tømmer som kan ha vore teikna av Abraham Pihl/Svend Aspås, og/eller hatt Vang kyrkje som modell, står framleis på JevnakerHadeland (Jevnaker kyrkje), og på Åmot i Nord-Torpa (Åmot kyrkje) i Nordre Land kommune.[12] Rasmussen (1993) nemner Abraham Pihl som arkitekt også for Jevnaker kyrkje, sjølv om Jevnaker kyrkje blei sett opp over 10 år etter at Pihl var død.[4]

Takkonstruksjonen har på det meste eit spenn på over 21 meter mellom murveggane, og var svært krevjande samanlikna med mindre kyrkjer.[13] Det fritthengande taket er 25 meter langt og 21 meter breidt, til saman 540 m2.[4]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Inngangsparti i tårnfoten som sto er einaste rest av kyrkja som brann i 1804.
Foto: Torstein Frogner

Den gamle kyrkja på Vang var også kjend som Klemenskyrkja fordi den var vigd til St. Clemens, sjøfararane og handelsmennene sin skytshelgen.[14] Det er uklart om den tidlegare Hamar domkyrkje var soknekyrkje eller om dei fastbuande på Hamar sokna til Vang. Etter raseringa av Hamar i 1567 var kyrkja på Ridabu den nærmaste.[15]

Vang med storgarden Aker eller Skjalderaker var tidlegare eit slags sentrum på Hedmarken, ei rolle som no Hamar har åleine. Kyrkjestaden var den same i katolsk tid, og blir omtala første gong i 1334, det var då ei steinkyrkje (truleg frå 1100-talet) kalla Ridarbu eller Clemenskyrkja (etter St. Clemens). Den første kyrkja på Vang var truleg annekskyrkje til Hamar. Den hadde eit avlangt rom med tårnfot som fortsatt står. Etter raseringa av Hamar domkyrkje på 1500-talet vart Vang hovudkyrkje, og den vart utvida tre gonger og fekk då form som ei krosskyrkje (truleg påbygg med stein frå domkyrkjeruinane). Etter at Hamar blei rasert (i 1567) fekk den eit tilbygg mot sør og seinere et tilbygg mot nord slik at det blei ei krosskyrkje.[8] Hedmarkshistoria skriv at den opphavelege langkyrkja fekk ei fløy på nordsida i 1675 og ei på sørsida i 1693 - samstundes fekk kyrkja eit våpenhus i mur til erstatning for det tidlegare våpenhuset i treverk. Stein til utvidinga blei dels henta fra domkirkeruinane på Hamar. Biskop Hermans likstein frå domkyrkja skal ha blitt felt inn i veggen. Nes kyrkje i Ringsaker blei kort tid etter utvida på same måte. Tidleg på 1700-talet var Vang kyrkje i «usedvanlig» god stand. Gerhard Schøning laget en tegning av korskirken i 1775. [16]I krosskyrkja sto den midtre delen i aust-vest retning. Saman med tårnfoten var den midtre delen den eldste og hadde truleg vore annekskirke for Hamar. 8. juli 1804 tok bygget fyr etter lynnedslag, ornament og klede vart redda, men av sjølve bygget var berre tårnfoten brukande. Det høge spiret var truleg sett opp av den kjende kyrkjebyggjaren Werner Olsen.[5] Tårnet var 90 alen høgt og tårnets tak var dekka med tjære og bek. Dei brannskadde murane blei rivne i 1805, medan tårnfoten blei brukt om att.[8]


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 5. januar 2013
  2. Karset, Helge H.: Vang kirke. Foredrag i Vang kirke 30/11 1960. Trykt 1985.
  3. Schnitler, Carl W. (1911): Slegten fra 1814. Studier over norsk embedsmandskultur i klassicismens tidsalder 1814-1840. Kristiania: Aschehoug
  4. 4,0 4,1 4,2 Imerslund, Knut (2005): To essays om Abraham Pihl. Rapport. Høgskolen i Hedmark.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Smith, Magna (1952): Vang kirke og Vang prestegård. Foredrag oktober 1951, trykt og utgitt av Vange Bondekvinnelag.
  6. http://1814.arkivverket.no/#election/church/104
  7. Anonym (1991) Hamar domkirke 125 år – Hamar.
  8. 8,0 8,1 8,2 Anonym (1989) Hedemarkens geistelige antikviteter – Espa. ISBN 8274043025.
  9. Bugge, Anders: Kirkene på Hedmark. Hamar, 1957.
  10. Anonym (1981) Menneske og natur i norsk kunst ved midten av 1800-årene : Peder Balke og Matthias Stoltenberg – Oslo.
  11. Bugge, Anders: Kirkene på Hedmark. Hamar, 1957.
  12. Anonym (1982) Vest-Oppland og Valdres, s. 383 – Gyldendal, Oslo. ISBN 8205131937.
  13. Hosar, Kåre: Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie, University of Oslo 1988.
  14. Smith, Magna (1952) Vang kirke og Vang prestegård, s. 4 – Vang bondekvinnelag, Hamar.
  15. Anonym (1995) Hamar i middelalderen – Hamar.
  16. Anonym (1957) Hedmarks historie : første fellesbind – Hamar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]