Vang prestegard i Hedmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°48′1″N 11°8′3″E

Hovudbygningen på Vang prestegard
Foto: Jan-Tore Egge
Stabburet er som hovudbygningen freda.
Foto: Jan-Tore Egge
Borgstova frå 1732 vart flytta til Domkirkeodden i 1910.
Foto: Jensens
Hanna Winsnes er heidra med eit minnesmerke ved prestegarden.

Vang prestegard ligg vis-à-vis Vang kyrkje på sørsida av riksveg 25Ridabu, men er litt skjult av nyare bygg. Området er no ein del av Toneheim folkehøgskole.

Det har vore både kyrkje og prestegard på staden sidan mellomalderen, og bygda Vang har teke namn etter garden.[1] Dette var i si tid den største garden i Vang, og ei rekkje gardar og husmannsplassar har i åras løp vorte frådelte og selde.[2]

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Alderen til hovudbygningen er ikkje sikkert kjend, men ein trur[3] at bygningen er frå omkring 1780. Han hadde opphavleg to inngangar med bislag frå gardsplassen, men det eine bislaget er fjerna, slik at resultatet er noko asymmetrisk. Langsida mot hagen har eit verandautbygg midt på.

Nordaust for hovudbygningen står eit stabbur med årstalet 1732 på vindfløya. Abraham Pihl har fått æra for det,[4] men dersom årstalet er korrekt, er stabburet eldre enn Pihl. Stabburet er som hovudbygningen freda.

Dei andre prestegardsbygningane er borte. Borgstova frå 1732 (med ei klokke laga av Pihl) vart flytta til Hedmarksmuseet på Domkirkeodden allereie i 1910. Det som elles var att, vart rive då staden vart gjort om til folkehøgskule.[5]

Hageanlegg[endre | endre wikiteksten]

Prestegarden var i si tid kjend for hageanlegget, som skal ha vorte anlagt før Abraham Pihl si tid, sjølv om det som ei rekkje ting vert knytte konkret til han.[6] Pihl skal ha planta ein allé i retning kyrkja samt lønnelysthuset «Mamre Lund» som fondmotiv i hagen og elles mellom anna ei gran og ei furu kalla Adam og Eva. På 2000-talet er det ikkje mykkje som minnar om dette anlegget.

Kulturelt sentrum i bygda[endre | endre wikiteksten]

Prestegarden var kulturelt sentrum i bygda gjennom fleire hundreår.[7] Av dei mest kjende prestane som har halde til her, kan nemnast Abraham Pihl, som var ein slags vitskapleg altmoglegmann og stod for bygginga av dagens Vang kyrkje, og Paul Winsnes, som tidleg i si prestekarriere var kapellan under Pihl. Prestefrua Hanna Winsnes er for mange den som personifiserer livet på prestegarden. Den namngjetne kokebokforfattaren er minna med ein relieffstein på gardsplassen føre hovudbygningen. Denne vart reist i 1939 på initiativ frå Henriette Schønberg Erken.[8]

Folkehøgskule[endre | endre wikiteksten]

I 1963 fekk drivarane av Toneheim folkehøgskule, som hadde mellombels tilhald fleire stader, nyss om at Vang prestegard ville bli ledig, og i ein prosess som gjekk over mange år, vart området gjort om til folkehøgskule med oppføring av fleire nye bygningar teikna av arkitektane Ingrid og Trond Høye. Utbygginga skjedde i to byggjetrinn med ferdigstilling i 1972 og 1989.[9] Fleire gamle uthusbygningar vart rivne i samband med dette, men hovudbygningen og stabburet står altså framleis.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith (1952), s. 11.
  2. Eit eksempel er husmannsplassen Jordet, som er avbilda i Digitalt museum.
  3. Smith (1952), s. 12.
  4. Heiberg (1992), s. 127.
  5. Eit flyfoto i Digitalt museum gjev eit inntrykk av korleis prestegardstunet såg ut i 1950-åra.
  6. Aaraas et al (1999), s. 89f.
  7. Noko av livet på prestegarden på 1900-tallet, m.a. hendingane under krigen, er skildra av Inger Heiberg (1992).
  8. Sjur Harby: Stemmen fra Dystingbo (Matmagasinet Nord, nr. 2/2009, s. 59).
  9. Hagen (1997), især s. 24ff., s. 42ff. og s. 51f.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]