Vang stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikning av Vang stavkyrkje av F.W. Schiertz, 1841.
Denne steinen på kyrkjegarden ved Vang kyrkje markerer kvar stavkyrkja stod.

Vang stavkyrkje er ei stavkyrkje frå 1100–1200-talet som opphavleg stod i Vang i Valdres, men som vart riven på 1800-talet og overteken av kongen av Preussen.

Stavkyrkja slik ho vart oppbygd etter flyttinga. Foto frå om lag 1900.

Då det i 1832 vart fastsett av heradsstyret å rive stavkyrkja, som var for lita og dårleg for bygda og måtte erstattast av ei ny kyrkje, freista kunstmålaren J.C. Dahl å berga ho som eit kulturminne ved å få ho flytta. Då dette ikkje lukkast, kjøpte han kyrkja på auksjon for eigne pengar. Kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, som var kjend med Dahl, gjekk i 1841 med på å overta kyrkja etter at Dahl hadde teke dette opp med han. Sterkt rekonstruert og mykje ombygd vart kyrkja reist i det som i vår tid er Karpacz i Karkonosze i Polen, der kyrkja no har namnet Świątynia Wang.

På ein portal i stavkyrkja finst det ei runeinnskrift. Innskrifta er tyda som (på normert norrønt): Eindriði skar, mjáfingr, sonr Ólafs á Ló. Dette kan omsetjast som: Eindride skar, Mjåfinger, son til Olav på Lo.[1] Dette er truleg ein kunstnarsignatur på den utskorne portalen. «Mjåfinger» tyder i så fall ein med mjåe fingrar, i overført tyding, fingernæm. I 1937 vart det meldt at innskrifta ikkje lenger var leseleg, grunna stor slitasje av turistar som hadde rørt ved henne.[2]

Ein biletstein med runeinnskrift, Vangsteinen, stod attmed stavkyrkja. Biletsteinen står no ved kyrkjeporten til Vang kyrkje, som vart bygd på staden til erstatning for stavkyrkja. Ein stein på kyrkjegarden markerer kvar stavkyrkja stod.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Olsen, Norske innskrifter med de yngre runer, første bind (Oslo, 1941), s. 231
  2. Magnus Olsen, Norske innskrifter med de yngre runer, første bind (Oslo, 1941), s. 231-232

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vang stavkyrkje