Vangaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vangafamilien)
Vangaer
Kvithovudvanga, Artamella viridis Foto: Fred.leviez
Kvithovudvanga, Artamella viridis
Foto: Fred.leviez
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Vangaer Vangidae
Swainson, 1831

Vangaer, frå 'vanga' som er gassisk artsnamn for kroknebbvanga, Vanga curvirostris,[1] er ei gruppe lite kjente små til mellomstore sporvefuglar avgrensa til Madagaskar og Komorane. Dei er vanlegvis klassifiserte som familien Vangidae. Familien samlar om lag 21 artar, avhengig av taksonomi. Dei fleste artane liknar varslarar, lever som skogsfuglar og beitar på krypdyr, froskar og insekt. Fleire gassiske fuglar som liknar meir på songarar, timalar eller flugesnapparar er no ofte plassert i denne familien. Medlemmene i familien kan variere mykje i utforming av nebb og har ei rekkje ulike måtar å skaffe føde på. Dei byggjer reir av trepinnar i tre. Dei er standfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vangaer varierer i storleik, farge og form, men har likskapar i nebb, skalleform og i strukturen i ganen.[2] Dette er små til mellomstore fuglar, varierande mellom 12 og 32 cm i lengd.[3] Mange har sterke nebb med krok som liknar nebbet hos varslarar. Stornebbvanga, har eit spesielt kraftig nebb med ein hjelmliknande utvekst på oversida. Andre artar, slik som Newtonia-artane, har eit lite, tynnt nebb. Sigdvanga er kjent for det lange, krumme nebbet brukt på å søkje føde i hòl og sprekkar.[2]

Dei fleste vangaer er i stor grad svarte, brune eller grå på oversida og kvit under. Eit unntak er den blå og kvite blåvanga og den blågrå raudnebbvanga. Stornebbvanga er for det meste svart med ein raudbrun rygg. Hannar av svartvanga er heilt svarte medan hoene er brune. Dette er ein av fleire artar med distinkte ulikskapar i fjørdrakta mellom kjønna, hos andre artar er kjønna identiske i utsjånad.[3]

Dei fleste vangaer har eit plystrande læte.[3]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Vangafamilien er eit døme på adaptiv stråling, som har utvikla seg frå ein einskild grunnleggjande populasjon til ei rekkje varierande former tilpassa ulike nisjar okkuperte av andre fuglarfamiliar i tilsvarande nisjar i dei andre delane av verda.[4] Alle vangaer er endemiske for Madagaskar unntatt blåvanga som òg finst på Komorane og på Mohéliøyane og, i det minste tidlegare, på Grande Comore.[3] Dei finst over heile Madagaskar, i ei rekkje habitat av skog og kratt. Fleire artar inkludert hettevanga og sigdvanga kan leve i tørr lauvskog vest på øya. Nokre som mustasjetimal, stornebbvanga og svartvanga er avgrensa til regnskogen i aust på øya. Gapenebbvanga og den nyleg oppdaga raudskuldervanga opptrer i halvtørt tornekratt i sørvest.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Føda kan innehalde insekt, meitemark, tusenbein, øgler og amfibium.[2] Blåvanga og brillevanga et òg frukt.[3] Mange artar beitar i små grupper, ofte i fleirartsflokkar av fleire vangaartar. Kroknebbvanga og gapenebbvanga har tendens til å beite åleine.[2] Vangaer har ei rekkje ulike beitestrategiar. Mange artar plukkar opp mat frå greiner. Raudnebbvanga klatrar opp stammar og greiner som ei spettmeis, men klatrar ikkje nedover som spettmeiser gjer.[3] Mustasjetimal søkjer føde ved å gå langs skogbotnen blant nedfallsblad.[3] Brillevanga og smalnebbvanga flyg ofte mot byttet. Dei tre Xenopirostris-vangaene brukar det flattrykte nebba til å strippe av bork frå daude greiner for å søkje mat under borken.[3]

Dei fleste artane hekkar i par, byggjer koppforma reir av kvister, bork, røter og blad. Sigdvanga hekkar i grupper og byggjer store reir av trepinnar.[2]

Status og bevaring[endre | endre wikiteksten]

Nokre vangaartar er vanlege, slik som brillevanga som kan overleve i gjenplanta skog og i plantasjar av introduserte treslag.[3] Men fleire andre artar er trua av tap av habitat grunna avskoging. Tjukknebbvanga er klassifisert som nær trua av BirdLife International og raudskuldervanga, svartvanga, stornebbvanga og raudhalesongar blir rekna som sårbare. Hettevanga er klassifisert som sterkt trua fordi arten er avgrensa til eit lite område i nordvestre Madagaskar kor skogen er i rask tilbakegang på grunn av rydding for jordbruk og av ukontrollerte skogbrannar.[5] Hypositta perdita, engelsk 'Bluntschli's Vanga', er berre kjent frå to gamle prøver og er kategorisert som 'datamangel'.[6]

Taksonomi, slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Tilhøva deira til andre grupper av sporvefuglar er usikre, men dei synest nært knytt til einskilde gåtefulle afrikanske grupper: Prionops, typiske hjelmvarslarar og pløsauge-slekter som Bias og Megabyas.[7] Dei synest òg å vere nær nokre asiatiske grupper som oskefuglar, Tephrodornis, og filentomaer, Philentomas i hjelmvarslarfamilien samt slekta Hemipus av larveetarar.[8]

Sjølv om vangaer tradisjonelt var rekna å vere ein liten familie med generelt varslarliknande utsjånad, tyder nyare forsking på at fleire gassiske taksa som tidlegare var rekna som songarar, timalar eller flugesnapparar i staden er vangaer. Døme på artar som er flytta inn i vangafamilien er mustasjetimal, Mystacornis crossleyi og beltebias, Pseudobias wardi, tidlegare trudd å vere ein flugesnappar.[9][10][11] Dessutan heile slekta Newtonia, tidlegare Sylviidae og smalnebbvanga, Tylas eduardi, som er flytta frå bylbylar.[12]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Vangaer i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[13] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[14]

Slekt Prionops, 8 artar av hjelmvarslarar

Slekt Megabyas

  • Kvitbrystbias, Megabyas flammulatus, African Shrike-flycatcher, Verreaux & Verreaux, 1855, (LC)

Slekt Bias

  • Toppbias, Bias musicus, Black-and-white Shrike-flycatcher, Vieillot, 1818, (LC)

Slekt Tephrodornis

  • Malabaraskefugl, Tephrodornis sylvicola, Malabar Woodshrike, Jerdon, 1839, (LC)
  • Storoskefugl, Tephrodornis virgatus, Large Woodshrike, Temminck, 1824, (LC)
  • Kvitbrynoskefugl, Tephrodornis pondicerianus, Common Woodshrike, Gmelin, 1789, (LC)
  • Dunkelaskefugl, Tephrodornis affinis, Sri Lanka Woodshrike, Blyth, 1847, (LC)

Slekt Hemipus

  • Bandflugeetar, Hemipus picatus, Bar-winged Flycatcher-shrike, Sykes, 1832, (LC)
  • Svartvengflugeetar, Hemipus hirundinaceus, Black-winged Flycatcher-shrike, Temminck, 1822, (LC)

Slekt Philentoma

Slekt Newtonia

  • Antandroyvanga, Newtonia archboldi, Archbold's Newtonia, Delacour & Berlioz, 1931, (LC)
  • Merinavanga, Newtonia brunneicauda, Common Newtonia, Newton, 1863, (LC)
  • Tanalavanga, Newtonia amphichroa, Dark Newtonia, Reichenow, 1891, (LC)
  • Rustvengvanga, Newtonia fanovanae, Red-tailed Newtonia, Gyldenstolpe, 1933, (VU)

Slekt Tylas

Slekt Calicalicus

  • Meisevanga, Calicalicus madagascariensis, Red-tailed Vanga, Linné, 1766, (LC)
  • Raudskuldervanga, Calicalicus rufocarpalis, Red-shouldered Vanga, Goodman, Hawkins & Domergue, 1997, (VU)

Slekt Hypositta

  • Raudnebbvanga, Hypositta corallirostris, Nuthatch-Vanga, Newton, 1863, (LC)

Slekt Leptopterus

  • Brillevanga, Leptopterus chabert, Chabert Vanga, Statius Müller, 1776, (LC)

Slekt Mystacornis

  • Mustasjevanga, Mystacornis crossleyi, Crossley's Vanga, Grandidier, 1870, (LC)

Slekt Cyanolanius

  • Blåvanga, Cyanolanius madagascarinus, Blue Vanga, Linné, 1766, (LC)

Slekt Vanga

  • Kroknebbvanga, Vanga curvirostris, Hook-billed Vanga, Linné, 1766, (LC)

Slekt Pseudobias

  • Beltevanga, Pseudobias wardi, Ward's Flycatcher, Sharpe, 1870, (LC)

Slekt Schetba

Slekt Euryceros

  • Stornebbvanga, Euryceros prevostii, Helmet Vanga, Lesson, 1831, (VU)

Slekt Oriolia

  • Svartvanga, Oriolia bernieri, Bernier's Vanga, Geoffroy Saint-Hilaire, 1838, (VU)

Slekt Falculea

  • Sigdnebbvanga, Falculea palliata, Sickle-billed Vanga, Geoffroy Saint-Hilaire, 1836, (LC)

Slekt Artamella

  • Kvithovudvanga, Artamella viridis, White-headed Vanga, Statius Müller, 1776, (LC)

Slekt Xenopirostris

  • Tjukknebbvanga, Xenopirostris polleni, Pollen's Vanga, Schlegel, 1868, (NT)
  • Gapenebbvanga, Xenopirostris xenopirostris, Lafresnaye's Vanga, Lafresnaye, 1850, (LC)
  • Ankarafantsikavanga, Xenopirostris damii, Van Dam's Vanga, Schlegel, 1865, (EN)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A. (1991). A Dictionary of Scientific Bird Names. Oxford University Press. s. 242. ISBN 0 19 854634 3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Perrins, Christopher, ed. (2004) The New Encyclopedia of Birds, Oxford University Press, Oxford.
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 Sinclair, Ian & Olivier, Langrand (1998) Birds of the Indian Ocean Islands, Struik, Cape Town.
  4. Garbutt, Nick (2004) Different by design: the Vangas of Madagascar, in: Africa - Birds & Birding, 9: 28-34.
  5. BirdLife International (2009) Species factsheet: Xenopirostris damii. Lese frå http://www.birdlife.org 15. november 2010.
  6. BirdLife International (2009) Species factsheet: Hypositta perdita. Lese frå http://www.birdlife.org 15. november 2010.
  7. Fuchs, J.; Bowie, R.C.K.; Fjeldsa, J. & Pasquet, E. (2004) Phylogenetic relationships of the African bush-shrikes and helmet-shrikes (Passeriformes: Malaconotidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 33(2): 428-439. HTML abstract
  8. Moyle, R.G., J. Cracraft, M. Lakim, J. Nais & F.H. Sheldon (2006), Reconsideration of the phylogenetic relationships of the enigmatic Bornean Bristlehead (Pityriasis gymnocephala), Mol. Phylogenet. Evol. 39, 893-898.
  9. Cibois, A.; Pasquet, E. & Schulenberg, T.S. (1999) Molecular systematics of the Malagasy babblers (Timaliidae) and Warblers (Sylviidae), based on cytochrome b and 16S rRNA sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution 13(3): 581-595. HTML abstract
  10. Cibois, A.; Slikas, B.; Schulenberg, T.S. & Pasquet, E. (2001) An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution 55(6): 1198-1206. PDF fulltext Arkivert 2011-07-27 ved Wayback Machine.>
  11. Schulenberg, T.S. (2003) The Radiations of Passerine Birds on Madagascar. Goodman, Steven M. & Benstead, Jonathan P. (eds.): The Natural History of Madagascar: 1130-1134. University of Chicago Press. ISBN 0-226-30306-3
  12. Yamagishi, S.; Honda, M.; Eguchi, K. & Thorstrom, R. (2001) Extreme endemic radiation of the Malagasy Vangas (Aves: Passeriformes). Journal of Molecular Evolution 53(1): 39-46. Abstract[daud lenkje]
  13. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  14. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]