Vangen kyrkjesokn

Koordinatar: 60°54′23″N 7°11′16″E / 60.90639°N 7.18778°E / 60.90639; 7.18778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For Vangen på Voss, sjå Vossavangen

60°54′23″N 7°11′16″E / 60.90639°N 7.18778°E / 60.90639; 7.18778

Vangen kyrkje er truleg frå 1200-talet, med koret som eldste delen bygd kring 1200 og kyrkjeskipet bygd til kring 100 år etter.

Vangen er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Vangen kyrkje som truleg er frå 1200-talet.[1] Kyrkja står på Aurlandsvangen og er hovudkyrkje i kommunen. Vangen er ikkje nemnd i Bjørgvin Kalvskinn frå 1300-talet, då det vart Rygg som vart nytta som namn på soknet. På Rygg, litt oppom Vangen, stod det i mellomalderen ei stavkyrkje. Vangen finn ein omtala ved namn i kjeldene først i 1498, men ei truleg forklåring på det kan vere at ein fortsette å bruke Rygg som namn på soknet også etter at ein byrja å bruke Vangen kyrkje som soknekyrkje.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]