Vangsnes stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vangsnes stavkyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til gamle Vangsnes stavkyrkje
Grunnplan i stavkyrkja teikna av Georg Bull i 1854
Lengdesnitt teikna av Georg Bull i 1854
Portalplanke frå Vangsnes
Foto: Per Gunnar Maurtvedt

Vangsnes stavkyrkje var ei stavkyrkje i Vik i Sogn, som vart riven i 1861. Ein utskoren planke frå kyrkja er bevart på Bergen museum. Den første skriftlege kjelda som nemner kyrkja, er frå 1360, men ho kan godt ha vore mykje eldre enn dette.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Vangsnes stavkyrkje var ei enkel, éinskipa kyrkje. Ifølgje ein rapport frå 1722 var kyrkja "en gammel stavkirke med taarn fra grunden, saa og en svale paa søndre side og et vaabenhus af stavbygning. Indvendig vel holdt og malet."[1] Kyrkja hadde då framleis ein svalgang på sørsida. Då ho vart riven i 1861, stod det berre restar av ein svalgang igjen på vestsida. Det kan ikkje seiast sikkert om svalgangen har gått rundt heile kyrkja. Koret var lågare og smalare enn skipet.

Kyrkja hadde ikkje mykje ornamentering, men Bergen museum har ein rikt ornamentert planke som skal ha gått over korbogen. Det var éin inngang til skipet og éin til koret på sørveggen og éin på vestveggen. Døra på sørveggen var den opphavlege hovudinngangen. Koret var smalt, og opphavleg skilt frå skipet med ein heil skiljevegg, som det vart laga ei opning i etter reformasjonen. Det kom lys inn i kyrkja gjennom seks små, runde gluggar, fire i skipet og to i koret. Kyrkja hadde åtte stolpar, fire som danna hjørna i skipet og fire i koret. Stammane var i snitt 1 1/5 fot tjukke (nesten 40 cm). Då kyrkja vart riven, var heile det opphavlege taket allereie borte, også austveggen i koret, utan apsis, var ny.[1]

Skipet var 22 fot (7 m) langt og 17 fot (5 m) breitt. Koret var 10 fot gonger 10 fot (3 m x 3 m).[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 357-358

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]