Vangsteinen

Koordinatar: 61°7′32.401″N 8°34′29.384″E / 61.12566694°N 8.57482889°E / 61.12566694; 8.57482889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°7′32.401″N 8°34′29.384″E / 61.12566694°N 8.57482889°E / 61.12566694; 8.57482889

Vangsteinen
Foto: John Erling Blad

Vangsteinen er ein bilet- og runestein frå tidleg kristen tid som stod attmed den nedrivne Vang stavkyrkje i Vang i Valdres i Oppland. Steinen står no ved kyrkjeporten til Vang kyrkje, som vart bygd på staden i 1840 som erstatning for stavkyrkja, som vart riven av di ho var for lita og umoderne.

Biletsteinen er ein om lag 2 meter høg skiferhelle i ein lokal steinsort, tilhogd på eit særeige vis som har fått nokre til å meine at steinen har vore den eine halvparten av ein portal. Men denne teorien vert motsagt av at det er ein runeinnskrift på den høgre smalsida. Innskrifta, som er i yngre runer, er tolka soleis: «Gåses søner reiste denne steinen etter Gunnar, brorsonen sin».

Heile den eine flatsida av steinen er dekt av ein hundeliknande dyrefigur (øvst) og annan ornamentikk i sokalla Ringeriksstil. Stilmessig vert steinen plassert i same kategori som Dynnasteinen frå Gran på Hadeland og Alstadsteinen frå Toten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vangsteinen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren