Vanguard SLV 5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vanguard SLV 5 var to amerikanske satellittar. Dei vart freista skotne opp 13. april 1959 frå Cape Canaveral med ein Vanguard-rakett.

Satellittane var to sjølvstendige kuler. Kule A hadde eit grant magnetometer som skulle kartleggja magnetfeltet til jorda. Kule B var ei kule som kunne utvidast og var meint for optisk sporing.

Andresteget på raketten feila av di det vart skadd ved stegfråskiljing, og satellittane nådde ikkje jordbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]