Vanguard TV3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vanguard TV3 på museum
Oppskytingsraketten til Vanguard TV3 går i lufta

Vanguard TV3 var den fyrste amerikanske freistnaden på å skyta opp og plassera ein satellitt i bane kring jorda. Føremålet med satellitten var å røyna ut evnene til ein tretrinns oppskytingsrakett og å studera påverknadene frå rommiljøet på ein satellitt og systema hans i bane kring jorda. Satellitten skulle òg gje geodetiske målingar gjennom analyse av banen hans.

Oppskyting[endre | endre wikiteksten]

Vanguard TV3 vart freista skoten opp med ein Vanguard-rakett 6. desember 1957 frå Cape Canaveral i USA. Ved oppskyting byrja raketten å stiga, men omtrent 2 sekund etter lettinga miste raketten kraft og byrja å setja seg til att på oppskytingsrampa. Medan han sette seg ned gjekk det hòl på drivstofftankane, og desse eksploderte. Raketten vart øydelagd av eksplosjonen og oppskytingsrampa vart sterkt skadd. Vanguard TV3-satellitten vart kasta bort medan han framleis sende ut vardesignal, men han var skadd og kunne ikkje brukast om att. Vanguard TV3 er i dag plassert på Smithsonian Air and Space Museum.

Den nøyaktige årsaka til ulukka er ikkje kjend; truleg var det ein drivstoffslekkasje mellom drivstofftanken og rakettmotoren, mogelegvis grunna ei laus kopling i ei drivstoffline eller lågt trykk i drivstofftanken som gjorde at noko av det brennande drivstoffet i utstøytingskammeret kunne koma attende til drivstofftanken.

Satellitten[endre | endre wikiteksten]

Vanguard TV3 vog 1,36 kilogram og var forma som ei aluminiumskule 15,2 centimeter i diameter - nesten identisk til den seinare Vanguard 1. Satellitten hadde med seg ein 10 milliwatts 108 megahertz-sendar som gjekk på eit kvikksylvbatteri, og ein 5 milliwatts 108,03 megahertz-sendar som fekk straum frå seks solsellepanel monterte på satellittkroppen. Seks stutte antenner stakk ut frå kulekroppen til satellitten.

Sendarane var tenkte i hovudsak for å senda attende tekniske data og sporingsdata, men kunne og brukast til å finna det totale elektroninnhaldet mellom satellitten og bakkestasjonen. Satellitten hadde i tillegg to termistorar for å måla den indre temperaturen for å kunna vurdera dugleiken til varmevernet til satellitten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]