Vaniljerotslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaniljerotslekta
Pinesap-mthood-august2005.JPG
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Monotropoideae
Slekt: Vaniljerotslekta Monotropa
L., 1753

Vaniljerotslekta (Monotropa) er ei planteslekt i lyngfamilien. Ho omfattar fleirårige staudeplantar som kjem frå tempererte delar av den nordlege halvkula. Plantane har lysegule blomar med vaniljeaktig luft og små skjelliknande blad.

Til forskjell frå dei fleste andre plantar driv ikkje vaniljerotplantar fotosyntese og inneheld ikkje klorofyll. I staden får dei næring gjennom å vera parasittarmykorrhiza-nettverket mellom sopp og andre plantar. Sidan dei ikkje er avhengige av sollys kan dei veksa på svært mørke stader, som på skogbotnen.

Det varierer kor mange artar ein delar slekta i, men ofte blir ho berre delt inn i to artar med fleire underartar: Monotropa hypopitys eller berre vaniljerot, som gjerne lever i furuskog, og Monotropa uniflora, som ein gjerne finn i bøkeskog.

I Noreg veks arten vaniljerot (Monotropa hypopitys) med to underartar, lodden vaniljerot (M. hypopitys hypopitys) og snau vaniljerot (M. hypopitys hypophegea).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]