Vaniljeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vaniljeslekta
Vanilla imperialis
Vanilla imperialis
Utbreiing
Utbreiinga av vaniljeslekta
Utbreiinga av vaniljeslekta
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Orkidear Orchidaceae
Underfamilie: Vanilloideae
Stamme: Vanilleae
Slekt: Vaniljeslekta Vanilla
Mill.

Vaniljeslekta (Vanilla) er ei slekt i orkidéfamilien. Ho omfattar rundt 110 artar. Vaniljeslekta er særleg kjend for vaniljeplanten Vanilla planifolia, den viktigaste planten som blir brukt til å produsera vanilje.

Slekta blei taksonomisk fastsett av Plumier i 1754 etter arbeid av J. Miller. Namnet Vanilla, er avleidd frå det spanske diminutivet for vaina ('belg, skjede'), som dermed tyder 'liten belg'. Vanilje blir utvunne frå belgane til vaniljeplantar.

Vaniljeplanten Vanilla planifolia som slynger seg opp eit tre.

Plantane i slekta veks i tropiske og subtropiske område i Amerika, Asia, Ny-Guinea og i Vest-Afrika.[1] Det er funne fem artar i USA, alle i sørlege Florida.[2]

Vaniljeplantane er klatreplantar som typisk slynger seg rundt tynne trestammar. Dei klatrar med enkeltstenglar som kan bli over 35 cm lange. Bladstillinga er alternerande. Blada er korte og elliptiske med mørkegrøn farge. Dei er tjukke og lêraktige, og kan vera kjøtfulle hjå nokre artar. Andre har reduserte blad; nokre kan vera heilt bladlause og driva fotosyntese gjennom stengelen.

Kortliva blomestandar veks i klasar som kan ha opptil 100 blomar kvar. Blomane er ofte velduftande. Dei opnar seg når dei er utvaksne. Blomane opnar seg om morgonen og lukker seg for alltid seint om ettermiddagen same dag. Blomane er sjølvpollinerande, men treng pollinatorar for at dette skal finna stad. Ein reknar med at ulike bier (som Mellipona) og visse kolibriar utfører pollineringa, men dyrka vaniljeplantar blir gjerne pollinerte for hand.[3] Blomar som ikkje er blitt pollinerte fell av planten. Frukta minner om belgen til belgfrukter, sjølv om vaniljeplantane ikkjer er nært i slekt med desse. Hjå vaniljeplanten mognar ho gradvis i løpet av 8-9 månader, blir svart på farge og sender ut ei sterk duft. Kvar belg inneheld tusentals frø. Både frø og belg blir brukt til å gje vaniljesmak.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Taksonomien til vaniljeslekta er kompleks.[4] Under er nokre kjende artar lista opp:

Blomedøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew». kew.org. 
  2. «Vanilla in Flora of North America @ efloras.org». efloras.org. 
  3. Mauseth, James (2016). Botany: An Introduction To Plant Biology, 6th edition. Jones & Bartlett Learning. s. 656. ISBN 1284123588. 
  4. Bory, Séverine; Michel Grisoni; Marie-France Duval; Pascale Besse (July 21, 2007). «Biodiversity and preservation of vanilla: present state of knowledge». Genetic Resources and Crop Evolution (Springer Netherlands) 55 (4): 551–571. ISSN 1573-5109. doi:10.1007/s10722-007-9260-3. 
  5. «GRIN Species Records of Vanilla». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 2011-03-02. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vaniljeslekta