Vanity Fair

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Vanity Fairs Masthead
Omslag av Ethel Caroline Rundquist, 1916

Vanity Fair er eit amerikansk månadsmagasin som dekker emne som populærkultur, mote, samtidige hendingar og kjendisar, som vert utgjeve av Condé Nast. Dagens utgåve av Vanity Fair har vorte utgjeven sidan 1983, og det har vore eigne utgåver for fire europeiske land forutan den amerikanske utgåva.

Blant bladet sitt meir internasjonalt kjende oppslag og artiklar er forsidebiletet frå 1991 av ein gravid og naken Demi Moore; Marie Brenners artikkel «The Man Who Knew Too Much», som omhandla tobakkindustrien og som seinare vart til filmen The Insider (1999); og avsløringen av identiteten til kjelda som lak til pressen om Watergate-skandalen, «Deep Throat».

Condé Nasts Vanity Fair[endre | endre wikiteksten]

Condé Montrose Nast (1873–1942) byrja sit imperium ved å kjøpa menn #seg motemagasin Dress i 1913. Det vart omdøypt til Dress and Vanity Fair og utgav fire utgåver i dette året. Vanity Fair tyder «Marknaden til forgjengelegdomen» og er ein marknad som varer året rundt i den kristne allegorien The Pilgrim's Progress (1678), skrive av John Bunyan (1628–1688), og i denne marknaden vart dei vitjande freista av alle jordiske forfengeligheter. I 1847 utgav William Makepeace Thackeray (1811–1863) romanen Vanity Fair, og som inspirert av Pilgrim's Progress dreiv den satiren på det britiske samfunnet.

Magasinet heldt fram å blomstra inn i tjueåra, men vart eit offer for den store depresjonen og minskande annonseinntekter, skjønt dets opplag på rundt 90 000 eksemplar, var på sit høgaste. Condé Nast annonserte i desember 1935 at Vanity Fair ville slåast saman og inngå i Vogue (opplag 156 000) etter utgåva i mars 1936.[1][2]

Moderne gjenutgivelse[endre | endre wikiteksten]

Condé Nast Publications, under eierskap av S.I. Newhouse, annonserte i juni 1983 at magasinet ville lanserast på nytt.[3] Den første utgjevinga vart utgjeven i februar 1983 (omsalgsdato mars) med Richard Locke som redaktør, tidlegare av The New York Timst Book Review.[4] Etter tre utgåver vart Locke erstatta av Leo Lerman, veteran frå Vogue.[5] Han vart etterfulgt av redaktørane Tint Brown (1984–1992) og Graydon Carter (sidan 1992). Faste skribentar har blant anna vore Dominick Dunne, Sebastian Jungar, Michael Wolff, Maureen Orth og Christopher Hitchens. Kjende fotografar for magasinet har blant anna vore Bruce Weber, Annie Leibovitz, Mario Testino og Herb Ritts, som alle har prega omslaget med ei rekkje overdådige omslag og fullsideportretter av samtidens kjendisar. Blant dei aller mest kjende var omslaget for august 1991, fotografert av Leibovitz, av ein naken og høygravid Demi Moore, og med tittelen «More Demi Moore».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vanity Fair Merged With Vogue by Nast»
  2. «Conde Nast Publications To Combine Two Magazines»
  3. «Conde Nast to Revive Vanity Fair Magazine»
  4. «Courting the Elite at Condé Nast»
  5. Washington Post

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]