Vanlande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vanlande var ein mytisk konge av ynglingeætta, son av Svegde og far til Visbur.

Snorre Sturlason fortel at Vanlande var ein stor hermann, og herja mykje i Finnland. Han gifta seg med Driva, dotter av kongen snjå den gamle. Han lova sidan å hente Driva etter tre år, men var borte i ti. Driva sende då bod på seidkona Huld, men sende og Visbur, sonen ho hadde fått med Vanlande, attende til Svitjod. Huld skulle så trolle Vanlande attende til ho. Vanlande lydde og rieste til Finnland att, men vart råda frå det. Soga fortel at Vanlande vart trøytt og la seg til å sova, og vakna av at mara reid han. Det enda med at ho sette seg på bringa hans så han døydde av det. Vanlande vart brend, truleg i sitt eige skip.

Ynglingatal seier det slik:

Seidkona,
sløg og vond,
Vanlande
til Valhall sende
og trollkjeringi
trakka skulde
den storhuga
stridsmann ihel.
Beint ved skuta
bålet stod
åt den milde kongen,
som mara kjøvde.

Den eldste Noregshistoria nemner at ei ånd kjøvde han medan han låg og sov. Det er noko likskap mellom soga om Vanlande og soga om Agne, som og vart drepen av kona si, Skjolv. Namna «Snjå» (snø) og «Driva» (snødrive) er naturmytiske namn, og finnane her bur truleg ikkje i det geografiske Finland, men heller i Finnmark. «Finnane» som her er nemnt kan heller ikkje samanstillast med dei faktiske samane, men må reknast som eit slag underjordsfolk. Seidkona Huld trollar ulukke over ætta, og er knytt både til Vanlande og sonen Visbur.