Nordpadde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vanleg padde)
Nordpadde
Nordpadde
Nordpadde
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av nordpadde
Utbreiinga av nordpadde
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Amfibium Amphibia
Underklasse: Lissamphibia
Overorden: Salientia
Orden: Halelause padder Anura
Familie: Ekte padder Bufonidae
Slekt: Bufo
Art: Nordpadde B. bufo
Vitskapleg namn
Bufo bufo

Nordpadde, vanleg padde eller berre padde (Bufo bufo) er eit amfibium, og den einaste arten i paddefamilien som finst i Noreg.

Padda er brungrå og vortete med flatt, breitt hovud og store augo. Ho kan bli opp til 12 cm lang, og hoa er størst. Mesteparten av kroppen til padda skil ut gift, men særskilt mykje frå dei store kjertlane i nakken. Gifta vernar paddene mot å bli eten av rovdyr, og kan truleg også vera til vern mot infeksjonar. På grunn av gifta har padda få naturlege fiendar. Viss padda kjenner seg truga, vil ho ikkje hoppa vekk, slik som frosk gjer. Padda bles seg heller opp for å sjå større ut, og går roleg.

Padda skil seg elles frå frosk ved at ho er noko større, og at fotrots-knuten på bakfoten er blaut og mindre enn halvparten så lang som inste tåa. Snuten til padda er meir avrunda enn froskesnuten, og buken har flekkar. Padder går dessutan meir enn dei hoppar, i motsetnad til frosk.

Padder er vekselvarme, og lever både på land og i vatn. Vaksne padder pustar stort sett med lunger, og må opp av vatnet for å pusta innimellom. Dei kan også pusta litt gjennom huda. Føda til padda er insekt, ormar m.m. Padda overvintrar nedgravd i jorda eller på frostfrie stader, som i holer eller under vedstablar. Ho legg egg i lange snorer i ferskvatn i mai, med to til fire egg i breidda. Padda er utbreidt i det meste av Europa, i Nord-Afrika og i Asia til Japan og Kina. I Noreg finst ho i heile Sør-Noreg heilt nord til polarsirkelen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nordpadde