Varaldsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Varaldsøy
Varaldsøy sett frå sør
Varaldsøy sett frå sør
Geografi
Norway - Varaldsøy.png
Stad Hardangerfjorden
Koordinatar 60°07′47″N 05°59′39″EKoordinatar: 60°07′47″N 05°59′39″E

Areal 45,4 km²

Høgaste punkt Øyefjellet (600 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Hordaland

Varaldsøy er den største øya i Hardangerfjorden og høyrer til Kvinnherad kommune i Hordaland. Ho er òg ein tidlegare sjølvstendig kommune. Øya har eit areal på 45,4 km².

Fylkesveg 126 går frå ferjekaia til Gjuvsland. Øya har ferjesamband til Årsnes i sør og Gjermundshamn i vest.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Frå 1837 var Varaldsøy del av Strandebarm formannskapsdistrikt.

1. januar 1902 vart Varaldsøy skild ut som eigen kommune. I tillegg til sjølve øya femnde kommunen òg Mundheimsområdet på fastlandet vestom øya.

1. januar 1965 vart det meste av Varaldsøy med 511 innbyggjarar slått saman med Fjelberg og Kvinnherad kommune samt eit område nord for Skånevikfjorden/Åkrafjorden i Skånevik kommune til den nye Kvinnherad kommune.

Ein del av Mundheim krets i Varaldsøy med 300 innbyggjarar vart frå same tidspunkt slått saman med delar av Jondal, Kvam og Strandebarm kommunar til den nye Kvam kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Varaldsøy kommune frå 1920 til 1965:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1965[3]
834 760 843 812 830 809

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengde på Varaldsøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå