Varangeristida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Varangeristida er ei istid for om lag 700-650 millionar år sida og ei av fleire istider i perioden 960-615 millionar år sidan. Ein har funne avleiringar frå denne istida i Noreg, på Spitsbergen, Grønland og i Skottland. Bergartane det er snakk om er tillitt (morenekonglomerat), skifer og sandstein.[1]

Den norske geologen Hans Reusch fann i 1890 noko han meinte var ein tillitt inst i Varangerfjorden. Berglaget låg på eit underlag med tydelege skuringsstriper, og han tolka dette som at berglaget var danna under ei istid tilbake i sein prekambrium. Seinare er det vist at ein har to nivå med tillitt i Nord-Noreg og Sør-Noreg. Tillitten som Reusch fann er ein viktig typelokalitet for det som seinare vart kalla Varangeristida.[1]

I Sør-Noreg er det avleiringar frå same periode av moelvkonglomerat i ein serie med sandsteinar (sparagmitt) og andre avleiringar.[1]

I seinare tid er det sådd tvil om typelokaliteten ved Varangerfjorden og ein har indikert at bergarten heller ei blokkstraumavsetting av slam og blokker som opphavleg fløymde utover og stripa opp underlaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]