Vardåsen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°49′33.892″N 10°24′49.968″E

Vardåsen kyrkje
kyrkje
Vardåsen Church Asker 20110921.jpg
Vardåsen kyrkje
Foto: Trarir
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Asker
Sokn Vardåsen
Fellesråd Asker
Arkitekt Terje Grønmo
Material Betong
Innvigd 14. mars 2004
Kyrkjegard Nei
Orgel Vestlandske
Sitjeplassar 265+
Wikimedia Commons: Vardåsen kirke

Vardåsen kyrkje er ei moderne arbeidskyrkje på Borgen i Asker kommune, og høyrer til Asker prosti i Oslo bispedømme. Kyrkjebygningen er kombinert med ein barnehage, og somme av romma i bygningen vert nytta av både kyrkja og av barnehagen.

Bygningen er teikna av arkitekt Terje Grønmo, vigsla som kyrkje i mars 2004, og fekk same året heidersteiknet Betongtavlen av Norsk Betongforening og Norske Arkitekters Landsforbund for den framifrå måten betong er brukt på i arkitekturen. Utanpå er bygningen kledd i ljos teglstein, men er innvendig dominert av betong og av treverk i lys ask.

Kyrkja og barnehagen har til saman ei grunnflate på om lag 2000 rutemeter. I tillegg til dette kjem ein førebels uinnreia underetasje på om lag 500 rutemeter under kyrkjerommet. Attmed kyrkjerommet, under galleriet, er det eit rom som vert nytta som kombinert dåpssakresti og kyrkjestove, og attmed inngangen til kyrkja ligg eit lite rom som vert halde ope døgret rundt for dei som ynskjer ein plass for stille ettertanke og bøn. Det er dessutan lagt til rette for åtte kontorarbeidsplassar. Tekniske rom for ventilasjon og oppvarming ligg i underetasjen. Heile bygningen vert varma opp med vatnbåra jordvarme frå eit system som er felles med Borgen ungdomsskole. I kyrkjerommet er det naturleg ventilasjon.

Kyrkjerommet har 265 sitjeplassar, i tillegg til plassar på galleriet, og det kan setjast inn stolar, slik at det vert om lag 400 sitjeplassar i alt. Dersom kyrkjerommet vert utvida til det såkalla kyrkjetorget og til kykjelydsalen, vert det sitjeplassar til 700.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]