Vardøya
- Sjå òg Vardøya i Herøy
| Vardøya | |
|---|---|
Vardø ligg på Vardøya | |
| Geografi | |
| Stad | Barentshavet |
| Koordinatar | 70°22′13″N 31°06′22″E / 70.37028°N 31.10611°E |
| Areal | 3,7 km² |
| Høgaste punkt | 36 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Finnmark |
Vardøya (truleg av Varg + øya) er ei 3,7 km² stor øy som ligg i Vardø kommune i Finnmark. Ho er skild frå fastlandet av Bussesundet. Øya er truleg opphavleg to tidlegare øyar som i mellomalderen har vorte ei øy ved eit smalt eid kalla Valen, der mellom anna rådhuset i dag ligg.
Vestøya er lengst og strekkjer seg frå Skagen i nord til Steilneset i sør, der Vardøtunnelen har opninga si. På nordsida av Valen ligg Vestervågen med dampskipskaia og dei to moloane, Festningsmoloen i vest og Vestervågsmoloen i aust. Sør for Valen ligg Østervågen der Vardø sin førre festning, Slottet, låg. Berre tuftene er i dag att.
På den langt mindre Austøya ligg det låge Vårberget som sidan 1950-talet har husa Forsvaret sitt anlegg, og derfor har vore forbode område for dei fleste innbyggjarane i byen, trass i den vakre utsikta.
Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |