Vardøy gard i Risør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vardøya i Søndeled)

Vardøy (Vardøya) er ein matrikkelgard i Risør kommune i Aust-Agder. Vardøya har gardsnummer 31. Garden består av store og lille Vardøya og ein del holmar og skjer.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Etter tradisjonen skal garden ha fått namnet sitt etter ein vêr som hadde redda seg i land etter at ein båt med ein saueflokk hadde gått under i ein storm. Oluf Rygh meiner at etter lydforma kan namnet ha komme frå ordet vêr (gamalnorsk veðr), men finn det meir rimleg at det har komme frå varde.

Gardssoga frå Vardøya[endre | endre wikiteksten]

Det har truleg budd folk på Vardøya like tidleg som nokon annan plass i bygda. Det er oppgitt at i 1866 var det 23 mål dyrka mark. Vardøya har frå tidelegar tider vore ein øydegard med skyld på ½ hud og same skyld fekk den i 1668. Ifølge Tallak Lindstøl skal Vardøya i si tid ha vore inn under Sevikslekta. Tor og Kristen er kjende namn frå Sevik. I 1918 fekk Aanon Kittelsen Hannemyr Vardøya, som seinare blei selt til Risør bykommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Søndeledboka bind 3. Gardshistorie frå Søndeled.