Varetektsfengsling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Varetektsfengsling (eller innsetting i varetektsarrest) er eit tap av fridom som inneber at ein person vert halden i fengsel eller arrest mens eit lovbrot personen er anklaga for vert etterforska. I tida for varetektsfengsling er den fengsla ikkje endeleg dømt for noko lovbrot.

Ein skal ikkje utan vidare hamne innafor denne porten (Skien fengsel).

Varetektsfengsling i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg skal varetektsfengsling avgjerast av den næraste tingretten. Der må den mistenkte førast før tre døgn er gått. Då har personen rett til å ha med ein forsvarar (advokat). Retten skal meine at det er «skjellig grunn til mistanke» om at personen har gjort dei lovbrota personen er anklaga for, og som det er meir straff for enn fengsel i 6 månader. Dei skal òg meine det finst grunn til mistanke om at den fengsla elles vil sleppe den lovlege forfølginga av og straffa for det personen kan mistenkast for, at personen øydelegg bevis eller påverkar vitne eller medskuldige i saka, og at personen elles kan gjere fleire lovbrot. Om personen sjølv vil det, kan han verte varetektsfengsla om retten finn at det ligg føre gode grunner for det. Personen kan då verte varetektsfengsla i maksimalt fire veker, før han må møte i retten på ny.[1] Etter at retten har teke ei avgjerd og sagt ja til fengsling, skal den sikta snarast råd sendast til eit vanleg fengsel (ikkje arrest).[2]

Restriksjonar[endre | endre wikiteksten]

Medan ein person sit varetektsfengsla, kan retten hvis det er føremonsteneleg halde personen isolert frå dei andre innsette og setje føljande restriksjonar, heilt (såkalla forbod) eller delvis (kontroll)[3]:

  • Restriksjonar på besøk av andre enn eigen forsvarar
  • Brev og telefon (Dei innsette i varetekt har aldri nokon adgang til internett.)
  • Media, radio, TV, aviser

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]