Varhaug gamle kyrkjegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°36′37″N 5°37′3″E

Jernkors med skothol på Varhaug gamle kyrkjegard.
Foto: Ruth Hetland

Varhaug gamle kyrkjegard er ein kyrkjegard som ligg i havgapet på garden Varhaug i kommune. Kyrkjeplassen er frå mellomalderen. Rundt 1200 vart truleg den første kyrkja reist her, og det er mykje som tyder på at denne vart lagd på ein gammal heidensk kultstad. Fleire ulike kyrkjer har stått på kyrkjegarden. Den gamle kyrkja vart riven i 1905 og ny kyrkje vart bygd på Odland.

Varhaug kapell
Foto: Bosc d'Anjou

Like utanfor kysten her var det eit skipsforlis i 1842 som kravde 389 russiske liv. Dei fleste vart gravlagde på Varhaug gamle kyrkjegard, som er freda. Det er òg reist eit minnesmerke over russarane og «sjøfolk som her fekk grava si».

Varhaug kapell[endre | endre wikiteksten]

I 1951 vart dagens kapell, Varhaug kapell, reist med dei gamle kyrkjeklokkene frå 1791 i. Seinare testamenterte Guri Ånestad eit beløp til legging av glaserte takpanner. Kapellet er vel 15 m² stort, og har 14 jærstoler til å sitja på. Kapellet vert ofte brukt til vigslar.

I 2003 vart kapellet brukt i innspelinga av musikkvideoen til Kaizers Orchestras song: Evig Pint frå albumet med same namn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Varhaug gamle kyrkjegard