Variabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein variabel er eit symbol som står for ein verdi som kan variere. Uttrykket vert vanlegvis nytta som ein motsetnad til ein konstant, som er eit symbol for ein verdi som ikkje varierer. Konstantar og variablar er grunnleggjande i all moderne matematikk, vitskap, ingeniørvitskap og programmering.

Variablar vert i algebra gjerne representert med symbol som x, y, a, b, osv, medan konstantar vert representert med til dømes tal, π eller e. I geometri vert gjerne P, Q, osv nytta som variable som representerer punkt.

I likninga

y = x^2+x+4\

er x ein fri variabel i mengda av alle reelle tal. Til kvart val av x svarer då i følgje likninga ein bestemt verdi av y. y vert då kalla ein avhengig variabel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]