Variegering

Variegering er ein type utsjånad på plantar der blad, blomar og til tider også stenglar og frukter har ulike fargesoner, og gir ein flekkete, stripete eller lappete utsjånad. Farga på plantane varierer frå ein litt lysare utgåve av den naturlege fargen til gul, kvit eller heilt andre fargar som raud og rosa.[1] Dette er forårsaka av ulike nivå og typar av pigment, som klorofyll i blada.[2] Variasjonen kan koma av genetiske mutasjonar som påverkar pigmentproduksjonen, eller av virusinfeksjonar frå mellom anna mosaikkvirus.[3] Mange plantar har òg naturleg variegering, som Goeppertia insignis. Dei fleste av desse er urter eller klatreplantar, og er som oftast arter frå tropiske regnskogar.[4]
Mange arter som normalt ikkje er variegerte kan utvikla variegering i visse høve. Ein slik utsjånad kan vera ettertrakta for plantesamlarar, og mange slike plantar blir formeira og selde som unike kultivarar.[1] Hjå individ der variegering skjer i celler som normalt driv fotosyntese kan mangelen på fungerande kloroplastar senka veksetempoet.[2] Omvendt dreg naturleg variegerte plantar nytte av utsjånaden sin, som forbetra fotosyntetisk effektivitet under dårleg lys og avvising av planteetarar.[5][6]

Nomenklatur
[endre | endre wikiteksten]Termen «variegata» i kursiv, som den andre delen av det latinske viskaplege namnet til ein ein art tyder at han finst i naturen med variegering (Aloe variegata). Den mykje meir vanlege bruken av «Variegata», ikkje i kursiv, som det tredje elementet i eit namn viser til ein variegert kultivar av ein art som normalt ikkje er variegert (t.d. Aucuba japonica 'Variegeta'). Men ikkje alle variegerte plantar har denne latinske nemninga, til dømes har mange kultivarar av Pelargonium ein del sonevariasjon i fargen på blada sine utan å heita «Variegata». Andre former for variegering kan vera indikert gjennom namn, til dømes Daphne odora 'Aureomarginata', som har gule kantar på blada.
Pigmentering
[endre | endre wikiteksten]
Ei vanleg årsak til variegering er maskering av grønt pigment av andre pigment, som anthocyanin. Dette strekkar seg ofte ut til heile blada, og gjer at dei blir raudlege eller purpurfarga. På nokre planter oppstår det jamne sonemarkeringar; som på nokre typar kløver, ananasartar, visse Pelargonium- og Oxalis-arter. På andre, som dei vanleg dyrka formene av Coleus, kan variegeringa variera mykje i ein populasjon. I nøkkerosa Nymphaea lotus er bladvariegering synleg under intens opplysing.
Forsvarsmaskering
[endre | endre wikiteksten]Det er blitt føreslått at nokre mønster av variegerte blad kan vera ein del av ein defensiv maskaringsstrategi.[7] I samband med dette kan bladvariegering gjeva eit insekt som et blad inntrykk av at blada allereie er infesterte, og dette kan redusera parasittisering av blada.[8]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]
Varigerte plantar har lenge vore verdsette innan hagebruk, for den vanlegvis lysare variegeringa kan «løfta» det som elles ville vore blokker av berre grøne blad. Mange hageforeiningar har spesialiserte variegerte plantegrupper, som det britiske Hardy Plant Society si Variated Plant Special Interest Group.
I 2020 blei ein variegert Rhaphidophora tetrasperma-plante seld på auksjon for 5 300 dollar.[9] I juni 2021 blei ein annan variegert Rhaphidophora tetrasperma selt på auksjon for 19 297 dollar.[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Zhang, Jian-Hang; Zeng, Jin-Chu; Wang, Xiao-Mei; Chen, Shui-Fei; Albach, Dirk C.; Li, Hong-Qing (1. november 2020). «A revised classification of leaf variegation types». Flora 272: 151703. Bibcode:2020FMDFE.27251703Z. ISSN 0367-2530. doi:10.1016/j.flora.2020.151703.
- 1 2 «Variegated Leaves». UCLA College. Arkivert frå originalen 15. juni 2016. Henta 9. juli 2016.
- ↑ Valverde, Rodrigo A.; Sabanadzovic, Sead; Hammond, John (May 2012). «Viruses that Enhance the Aesthetics of Some Ornamental Plants: Beauty or Beast?». Plant Disease (på engelsk) 96 (5): 600–611. Bibcode:2012PlDis..96..600V. ISSN 0191-2917. PMID 30727518. doi:10.1094/PDIS-11-11-0928-FE.
- ↑ Burtt, B. L. (1977). «Notes on the Rain-Forest Herbs» (PDF). Gardens' Bulletin, Singapore 29: 73–80.
- ↑ Campitelli, Brandon E.; Stehlik, Ivana; Stinchcombe, John R. (March 2008). «Leaf variegation is associated with reduced herbivore damage in Hydrophyllum virginianum». Botany (på engelsk) 86 (3): 306–313. Bibcode:2008Botan..86..306C. ISSN 1916-2790. doi:10.1139/B07-139.
- ↑ Givnish, T.J. (1990). «Leaf Mottling: Relation to Growth Form and Leaf Phenology and Possible Role as Camouflage». Functional Ecology 4 (4): 463–474. Bibcode:1990FuEco...4..463G. ISSN 0269-8463. JSTOR 2389314. doi:10.2307/2389314.
- ↑ Lev-Yadun, S. (2014). «Defensive masquerade by plants». Biological Journal of the Linnean Society 113 (4): 1162–1166. doi:10.1111/bij.12399.
- ↑ Walker, Matt. «The plant that pretends to be ill». BBC News. Henta 13 April 2016.
- ↑ Debczak, Michele. «The World's Most Expensive Houseplant Just Sold for $20,000 in New Zealand». Mental Floss. Henta 28 January 2023.
- ↑ Cullinane, Susannah. «New Zealand houseplant sells for $19,200 in online bidding war». CNN. Henta 28 January 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Variegation» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2025.