Varkaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varkaus
by
Land  Finland
Areal 524,49 km²
Folketal 21 155 (31. desember 2017)[1]
Kart
Varkaus
62°19′00″N 27°53′00″E / 62.316666666667°N 27.883333333333°E / 62.316666666667; 27.883333333333
Wikimedia Commons: Varkaus

Varkaus er ein by og ein kommune i landskapet Norra Savolax (finsk Pohjois-Savo) i Finland, ved den øvre delen av Saimen i Finlands austlege innsjøområde. Kommunen, som er einspråkleg finsk, har i kring 20 000 ibuarar (2021) og eit landareal på 385,6 km².

Varkaus er ein utprega industriby, særleg treindustriar som cellulose, finér- og papirproduksjon. Dessutan vert framstilt metallvarer og elektronisk utstyr. Varkaus er sentrum for innsjøtrafikken og fleire sentrale riksveger går gjennom byen.

Varkaus er vennskapskommune med Rjukan.

Skeiseløparen Lassi Parkkinen og friidrettsutøvaren Jukka Keskisalo var/er frå Varkaus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Varkaus
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kaupunkien ja kuntien lukumäärät ja väestötiedot». Henta 15. februar 2019.