Hopp til innhald

Varlia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Varlia
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 2[2][3]
Ferdselsårer Fylkesveg 61 i Sogn og Fjordane[4]

Varlia, tidlegare skrive Vardlia og Varlien, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 2.[2][3]

Varlia ligg på nordsida av Skifjorden og grensar i vest til Laberget, i nord til gardar i Fjaler kommune og i aust til Bordvika.[3] Fylkesveg 61 i Sogn og Fjordane går over garden eit stykke nedom tuna.

Varlia er ein gammal gard. Nabogarden i vest, Laberget vart skilt ut frå Varlia i 1796. Det har vore to bruk på Varlia sidan 1849.[3]

Namnet kjem av fjellet Varden, som no ligg på nabogarden Laberget.[3] I kjeldene er namnet skrive «Warlienn» (1608), «Waarlien med Ladeberrig» (1667) og «Warlien med Ladberg» (1723).[5]

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Varlia» i 2003 og avviste samstundes «Vardlia».[6]

Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Varlid».

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 20. november 2010
  2. 1 2 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 20. november 2010
  3. 1 2 3 4 5 Inger Kellmer (1990). «Varlia : Gnr. 2». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 20. ISBN 8299219817.
  4. «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 20. november 2010
  5. «Oluf Rygh: «Varlien» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».
  6. «yr.no». Vitja 20. november 2010

Vidare lesnad

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]