Varmebassenget på vestlege halvkula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årleg syklus av varmebassenget

Varmebassenget på vestlege halvkula (WHWP, forkorting frå engelsk Western Hemisphere Warm Pool) er eit område med havoverflatetemperatur høgare enn 28,5ºC som utviklar seg vest for Sentral-Amerika om våren, og som forplantar seg til dei tropiske farvatna i aust.

Varmebassenget inkluderer den tropiske delen av Atlanterhavet aust for Dei små Antillane, Karibiahavet, Mexicogolfen og den austlege delen av det nordlege Stillehavet.

Varmesyklusen i varmebassenget byrjar med ei oppvarming aust i det nordlege Stillehavet om våren. Utanfor Sentral-Amerika oppstår det eit dipolmønster på grunn av at kjøligare og tørrare luft strøymer gjennom Tehuantepec-eidet. Varmen og fukta frå varmebassenget driv den mexicanske monsunen, og om sommaren har varmen spreidd seg til Mexicogolfen og Karibia.

Samanheng med El Niño[endre | endre wikiteksten]

Studiar av klimadata har vist ein samanheng mellom El Niño og varmebassenget på vestlege halvkule. Under ein normal vinter på den nordlege halvkula driv varmen over Amazonas ei Hadleycelle der søkkjande luft rundt 20ºN driv ein kraftig antisyklon i det subtropiske Atlanterhavet. Ein El Niño svekkar denne cella og dei tropiske områda av Nord-Atlanteren vert varma opp meir enn vanleg i løpet av våren. Om lag halvvegs ute i El Niño-hendinga vil det uvanleg varme vatnet i den austlege delen av det nordlege Stillehavet få auka oppvarming om våren og varmen spreier seg austover i varmebassenget om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Enfield, D.B, and S.-K. Lee (2005). "The Heat Balance of the Western Hemisphere Warm Pool". Journal of Climate 18: 2662-2681.
  • Enfield, D.B, S.-K. Lee, and C. Wang (2005). "How are large Western Hemisphere Warm Pools formed?". Progress in Oceanography.
  • Lee, S.-K., D.B. Enfield, and C. Wang (2003). "Ocean general circulation model sensitivity experiments on the annual cycle of Western Hemisphere Warm Pool". Journal of Geophysical Research 110: C09004, doi:10.1029/2004JC002640.
  • Wang, C., and D. B. Enfield (October 2001). "The tropical Western Hemisphere warm pool". Geophys. Lett. 28: 1635-1638.
  • Wang, C. , and D. B. Enfield (2003). "A Further Study of the Tropical Western Hemisphere Warm Pool". Journal of Climate 16 (16): 1476-1493.
  • Wang, C. (2005). "ENSO, Atlantic climate variability, and the Walker and Hadley circulations". In The Hadley Circulation: Present, Past, and Future, H. F. Diaz and R. S. Bradley, Eds., Kluwer Academic Publisher: 173-202.